Hopp til innhald

Ricardo Villa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ricardo Villa


Statsborgarskap Argentina
Fødd 18. august 1952 (72 år)
Roque Pérez
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1978

Ricardo Julio Villa (fødd 18. august 1952) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar frå småbyen Roque Pérez i Buenos Aires-provinsen. Han vart verdsmeister med Argentina sitt landslag under VM i fotball 1978.

Frå 1970 var Villa aktiv i fire ulike fotballklubbar i heimlandet, periodane 1974-76 for Atlético de Tucumán og 1976-78 Racing Club i Buenos Aires. Etter Fotball-VM 1978 tok Tottenham-trenaren Keith Burkinshaw kontakt og saman med landsmannen Osvaldo Ardiles vart han overført til London-klubben. Villa vert særleg hugsa for sin innsats i FA-cupfinalen 1981, der han fyrst gav Tottenham leiinga, for så å verte matchvinnar i kampen mot Manchester City med ei skåring der han dribla av fire City-spelarar, og så plassere ballen i mål under ei utrusande målvakt. Skåringa vart i 2001 kåra til det 20. hundreårets Wembley-mål. Han fekk ikkje delta i FA-cupfinalen 1982, då Storbritannia låg i krig med Argentina, den såkalla Falklandskrigen. Etter 1982 spelte Villa spilte vidare i Argentina, Colombia og USA før han avslutta i argentinsk fotball med Defensa y Justicia.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Villa aksla den argentinske landslagsdrakta 17 gongar i tida 1975-78, skåra eitt landslagmål. Under verdsmeisterskapen 1978 i heimlandet var han innbyttar i to kampar, ei turnering som enda med triumf for Argentinas lag.

  • Verdsmeister: 1978 med Argentina
  • Vinnar av FA-cupen: 1981 med Tottenham Hotspur
  • Finalist i den engelske ligacupen: 1982 med Tottenham Hotspur