Riccardo Giacconi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Riccardo Giacconi
RiccardoGiacconi.jpg
Giacconi ved National Medal of Science prisseremoni (2003)
Fødd6. oktober 1931 (86 år)
Genova i Italia
StatsborgarskapItalia og USA
NasjonalitetItaliensk
OmrådeAstrofysikkfysikk
Yrkeastronom, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarJohns Hopkins University
Chandra X-ray Observatory
Alma materUniversità degli Studi di Milano UNIMI Milano
Kjend forRøntgenastronom
UtmerkingarNobelmedaljen Nobelprisen i fysikk (2002)
MedlemAccademia Nazionale dei Lincei
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Astronomical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Riccardo Giacconi (fødd 6. oktober 1931) er ein italiensk fysikar og pioner innan røntgenastronomi. Han avla doktorgraden sin ved universitetet i Milano i 1954.

Giacconi mottok Nobelprisen i fysikk i 2002 for den banebrytande innsatsen sin innan astrofysikken, som har førte til oppdaginga av kosmiske røntgenkjelder. Han mottok halvparten av prispengane, medan amerikanaren Raymond Davis jr. og japanaren Masatoshi Koshiba delte den andre halvparten.

For å oppdage kosmisk røntgenstråling, som vert absorbert av jordatmosfæren, trengst det eit instrument plassert i rommet. Giacconi konstruerte eit slikt instrument. Han oppdaga den første røntgenkjelda utanfor solsystemet vårt og vart den første som kunne konstatere at universet har ein røntgenstrålande bakgrunn. Giacconi konstruerte òg dei første romteleskopa, som har blitt brukt til å ta nye og skarpere bilete i røntgen av universet.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]