Rice and peas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rice and peas servert med jerk-krydra kylling og coleslaw.

Rice and peas (eller peas and rice) er ein tradisjonell anglo-karibisk risrett der risen blir tilreidd med bønner. Ein kan bruka ulike slag bønner, men ertebønner, kidneybønner og augebønner er vanlege typar.

Bønnene i retten blir typisk kokt saman med allehandefrø og kvitlauk. Deretter kan ein tilsetja salt, pepar, chili (scotch bonnet), timian, lauk (vanlegvis vårlauk), raspa ingefær. Timian er ein svært viktig ingrediens i retten. Sjølv om ein kan bruka chili, pleier ikkje retten ha sterkt krydra smak, ettersom ein pleier bruka chiliane heile og ikkje oppskorne.[1] Ofte lèt ein retten koka i kokosmjølk, kokosvatn eller begge delar. I nokre variasjonar kan ein bruka svinefeitt, salta svinekjøt eller storfekjøt i staden for å salta, men han pleier innehalda lite kjøt eller kan vera heilt vegetarisk.[2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Rice and peas er utbreidd som siderett på Jamaica, Trinidad og Tobago, Barbados og fleire andre engelskspråklege øyar i Karibia.

Tradisjonelt har ein gjerne retten med sundagsmiddagen.[3] Ertebønner er særleg knytt til julemåltid. Ein kan servera rice and peas til ulike kjøtstuingar, fisk eller sjømat. I nyare tid er det blitt vanleg å eta retten kva tid ein vil i veka, og med ulike hovudrettar. Jerk-krydra kylling er til dømes vanleg saman med rice and peas.[4]

Liknande rettar[endre | endre wikiteksten]

Blanda risretter er utbreidde i afrikansk-påverka kulturar i Amerika. Ein finn bønneretter som Moros y Cristianos på Cuba, Moros de guandules con coco i Den dominikanske republikken og Hoppin’ John eller Carolina Peas and Rice i USA.[1] Liknande retter finst også i Afrika, som akanretten waakye, som berre skil seg frå rice and peas ved at ein bruker andre urter og krydder.

Namn[endre | endre wikiteksten]

I vanleg engelsk språkbruk i Storbritannia og størsteparten av USA viser «peas» til erter, medan det på karibisk og sørstatsengelsk typisk viser til bønnene som er brukt i denne retten.[5]

Det skapte noko oppstyr då den britiske kjendiskokken Marco Pierre White, i ein reklamefilm for Knorr, presenterte ein såkalla jamaikansk rice and peas-rett med grøne erter og utan anna krydder enn buljong.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Felicity Cloake (8. oktober 2015), How to make the perfect rice and peas 
  2. Sue Lau, «Jamaican Rice and Peas», food.com 
  3. «Quick Jamaican Rice and Peas Recipe», Cook Like A Jamaican. 
  4. Elise Bauer, «Jamaican Rice and Peas», Simply Recipes ; John Torode, «Jerk chicken with rice & peas», BBC Good Food 
  5. «pea, n.2.», OED Online, Oxford University Press, March 2017 
  6. Davina Hamilton (29/10/2013), Marco Pierre White's ‘Insulting’ Jamaican Recipe Removed 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]