Hopp til innhald

Richard Arkwright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Arkwright

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 23. desember 1732
Preston
Død

3. august 1792 (59 år)
Cromford

Yrke ingeniør, gründer, oppfinnar
Språk engelsk
Far Thomas Arkwright
Mor Ellen Hodgkinson
Ektefelle Patience Holt, Margaret Biggins
Richard Arkwright på Commons

Sir Richard Arkwright (23. desember 17323. august 1792) var ein britisk oppfinnar og industrimann innan tekstilindustrien under den industrielle revolusjonen.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]
Eit eksemplar av Arkwrights Water Frame laga i 1775.

Arkwright var fødd i Preston i Lancashire og verka opphavleg som barber og parykkmakar. Han hadde inga erfaring innan tekstilindustrien, men starta i 1764 konstruksjonen av den første maskinen sin, som han fekk patent på i 1769. Denne maskinen var driven av ei hestevandring, men i 1771 laga han i staden «Arkwrights water frame», ein spinnemaskin som var driven med vasskraft, og som produserte ein grov men sterk bomullstråd som passa som renning. I 1773 kunne ein for første gong veva einsfarga bomullstøy i rein bomull, kaliko, på maskin; tidlegare hadde ein nytta lin til renning. Bomullstøyproduksjonen blei den leiande industrien i Nord-England. Saman med kompanjongar oppretta og leia Arkwright fabrikkar, mellom anna i Nottingham, Cromford og Manchester, der maskiner utførte alle ledda i arbeidet frå karding til spinning. Arkwright var ein framgangsrik konstruktør, men henta ofte ideane til maskinane sine frå andre oppfinnarar. Etter juridiske tvistar blei patentrettane hans trekte tilbake.[1]

Arkwright blei adla i 1786.[2] Arkwright, Jedediah Strutt og Joseph Wright of Derby var framståande personar i Derby-regionen. Målaren Wright måla to portrett av dei andre som finst på Derby Museum and Art Gallery. Der kan ein sjå at Wright likte Strutt, men presenterte Arkwright som eit sjølvgodt menneske med stor mage.[3]