Richard Carpenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Carpenter
Carpenters - Nixon - Office.png
Richard Carpenter med systera, Karen, i Det kvite huset den 1. august 1972.
Verkeleg namn Richard Lynn Carpenter
Opphav Downey i California i USA
Fødd 15. oktober 1946 (72 år)[1]
New Haven i Connecticut
Instrument

vokal, piano, klaverinstrument, synthesizerar

Sjanger Pop
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikar, plateprodusent, arrangør, låtskrivar
Tilknytte artistar The Carpenters, Karen Carpenter
Plateselskap A&M
Nettstad www.richardandkarencarpenter.com

Richard Lynn Carpenter (fødd 15. oktober 1946) er ein USA-amerikansk popmusikar, mest kjend som eine halvdelen i syskenduoen the Carpenters, i lag med systera Karen Carpenter. Han var plateprodusent, arrangør, pianist, klaverspelar, stundom tekstforfattar og komponist, i tillegg til at han song harmonivokal med Karen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Carpenter byrja å ta timar i klassisk piano då han var ni år gammal og heldt fram med dette då han gjekk på Yale. Carpenter-familien flytta til Downey i California i 1963, og han fortsette studiane sine på University of Southern California og California State College ved Long Beach. I 1965 danna han ei gruppe med systera og ein tredje person, og starta sidan det seks mann store bandet Spectrum. Richard og Karen fekk platekontrakt med A&M i 1969. Som the Carpenters opplevde dei enorm kommersiell suksess i 1970-åra med ei rekkje softrockballadar, somme av dei skrivne av Richard i lag med andre. Karen døydde i 1983 av komplikasjonar av anoreksi. Richard gav ut debutalbumet sitt som soloartist, Time, i oktober 1987.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Carpenters[endre | endre wikiteksten]

Sjå diskografien til Carpenters

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel
1987 Time
1998 Pianist • Arranger • Composer • Conductor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carpenters biography». 2005.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]