Richard Francis Burton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Francis Burton
Richard Francis Burton by Rischgitz, 1864.jpg
Fødd19. mars 1821
FødestadTorquay, Devon
Død20. oktober 1890
DødsstadTrieste
Rangcaptain
EiningBombay Army
KonfliktarKrimkrigen

Richard Francis Burton (19. mars 182120. oktober 1890) var ein engelsk utforskar, omsetjar, forfattar, etnolog, lingvist, spion, poet, hypnotisør, fektar og diplomat. I den mangfaldige karrieren sin blei han kjend for reiser og utforskingar i Asia, Afrika og Amerika, i tillegg til kunnskap om språk og kulturar. Han skal ha snakka 29 europeiske, asiatiske og afrikanske språk.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mor til Richard Francis Burton, Martha, stamma frå ein velstående familie, frå Richard Baker, ein squire frå Hertfordshire. Joseph Netterville Burton, far hans, var generalløytnant i den britiske hæren. Farfaren hans, Edward Burton, var av irsk-engelsk slekt og verka som prest i Westmorland for Church of Ireland. Burton hadde to sysken, Maria Katherine Elizabeth og Edward Joseph Netterville, fødd i 1823 og 1824.[2]

Då han var ung drog familien hans på fleire reiser, til dømes til Tours i Frankrike i 1825. Richard blei først undervist av huslærarar, og i 1829 byrja han på ein skule driven av Charles Delafosse i Richmond Green i Richmond upon Thames.[3] Familien reiste igjen, til Frankrike og Italia, og Richard fekk interesse for språk. Han lærte seg raskt fransk, latinsk og italiensk, og enkelte dialektar som napolitansk. Seinare i livet kom han til å læra seg hindi og andre indoariske språk.[4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Burton er kjend for ei reise til Mekka forkledd som muslim, ei ikkje fordekt eller forkorta utgåve av Tusen og ei natt (på engelsk kalla The Arabian Nights etter dei tidlege omsetjingane av Antoine Galland sin franske versjon), utgjevinga av Kama Sutra på engelsk, og utforsskarreiser saman med John Hanning Speke som dei første europearane som vitja dei store innsjøane i Afrika på jakt etter kjelden til Nilen. Burton sine skriftlege verk og brev kritiserte i stor grad kolonipolitikken til Det britiske imperiet i ein slik grad at det skadde karrieren hans. Han var ein profilert og lærd forfattar som skreiv ei rekkje bøker og akademiske artiklar om emne som omfatta menneskeleg åtferd, reiser, falkeoppdrett, fekting, seksualpraksis og etnografi. Eit karakteristisk trekk ved bøkene hans er rikeleg med fotnotar, referansar og appendiks (vedlegg) som inneheld ulike observasjonar og informasjon.

Han var kaptein i hæren til Det britiske austindiske kompaniet, tenestegjorde i India (og seinare òg kortvarig i Krimkrigen). Som følgje av dette vart han engasjert av Royal Geographical Society til å utforska austkysten av Afrika, og han leia ein ekspedisjon av lokale og var den første europearen som såg Tanganyikasjøen. Seinare i livet tenestegjorde hans som britisk konsul på øya Fernando Po; i Santos i Brasil; Damaskus i Syria; og til sist i Trieste i dagens Italia. Han var medlem av Royal Geographical Society og blei løna med ein britisk orden (KCMG) i 1886.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lovell, Mary S. (1998): A Rage to Live, Abacus, s. xvii.
  2. Wright (1906), Band 1, S. 38.
  3. Wright (1906), Band 1, S. 52.
  4. The Kasîdah Of Hâjî Abdû El-Yezdî von Richard F. Burton (1870).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Richard Francis Burton