Richard Furuholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Furuholmen
Fødd15. januar 1840
Død8. juli 1899 (59 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Richard Christensen Furuholmen (15. januar 18408. juli 1899) var ein norsk fløytingsinspektør og gardbrukar frå Varteig i Østfold, og stortingsmann for Høgre. Han var far til Gunerius Furuholmen og farfar til Richard Gustav Furuholmen.

Furuholmen var son til ein lensmann, gardbrukar og lensestyrar. Sjølv var han eit år elev ved realskulen i Sarpsborg. Frå 1860 var han assistent hos faren og såg til tømmerlensene forbi familieeigedomen. Han tok over som lensestyrar i 1874 og farsgarden Furuholmen i 1881. Fire år seinare flytta han til Tune. Der arbeidde han som fløytingsinspektør ved Hvitsten lense, og hadde i tillegg eit gardsbruk.

Furuholmen utvikla dei fyrste maskinar i tømmerfløytinga og bygde 1885-95 fløytingsanlegg i Glomma basert på nye metodar. År 1887 stod han for bygginga av fløytingsrenna forbi Sarpsborg. Han var elles konsulent for fløytingsvesenet i fleire elvar i Nord-Sverige. Ved ei utstilling i Stockholm vart han premiert med sølvmedalje for fløytingsverk.

Furuholmen var ordførar i Varteig 1880-84 og i Tune 1888-95. Han var direktør i Tune Sparebank frå 1886. Perioden 1889-91 var han 3. representant frå Smaalenenes amtStortinget. Han var då medlem av tollkomiteen.

Han døydde på garden sin, Hanestad, i Tune i 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914