Richard Gendall
Richard Gendall | |
Fødd | 12. april 1924 Penzance |
---|---|
Død | 12. september 2017 Liskeard |
Nasjonalitet | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Yrke | aktivist, musikar, lyrikar, lingvist |
Richard Gendall (fødd 1924) er ein språkforskar og aktivist for kornisk. Han er grunnleggjaren av «moderne kornisk»/Curnoack Nowedga. Gendall byggjer på dei yngste versjonane av tradisjonell kornisk frå 1800-talet, slik som John og Nicholas Boson. Ein annan variant, gjenskapt av Ken George, byggjer på kjelder frå mellomalderen.
Gendall grunnla Teere ha Tavaz, ein organisasjon som vil fremje kornisk i forma «moderne kornisk».
Han er også folkemusikar som har gjeve ut fleire album med Brenda Wootton, og ein kornisk diktar med skaldenamnet «Gelvinak».
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Kernewek Bew (Living Cornish), 1972.
- The Pronunciation of Cornish. Teere ha Tavaz, Mahunyes, 1991.
- A Students' Grammar of Modern Cornish. Cussel an Tavas Kernuack, Mahunyes, 1991.
- 1000 Years of Cornish (Second Edition). Teere ha Tavaz, Mahunyes, 1994
- Dictionary of Modern Cornish. Teere ha Tavaz, Mahunyes, 1992-1997.
- Tavaz a Ragadazow – The Language of my Forefathers. Teer ha Tavaz, Mahunyes. 2000.
- Practical Modern Cornish. Teer ha Tavaz, Mahunyes. 2003.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Richard Gendall» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2009.