Richard Hakluyt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Hakluyt
RichardHakluyt-BristolCathedral-stainedglasswindow.jpg
Fødd 1552
Hereford
Død

23. november 1616 (64 år)
London

Yrke geograf, skribent, omsetjar, diplomat, historikar, prosaforfatter, prest
Richard Hakluyt på Commons
Tittelsida til første side av Hakluyts The Principall Navigations, Voiages, and Discoveries of the English Nation (1589)
Minnetavle i Bristolkatedralen

Richard Hakluyt (uttalt (/ˈhæklʊt/,/ˈhæklət/ eller /ˈhækəlwɪt/;[1] 155323. november 1616) var ein engelsk geograf, prest og forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Richard Hakluyt blei fødd som den andre av fire søner i Eyton i Herefordshire i 1553.[2] Far hans, som også heitte Richard Hakluyt, var medlem av lauget Worshipful Company of Skinners, som dreiv med hud- og pelshandel. Han døydde i 1557 då unger Richard var rundt fem år gammal. Enkja hans Margery[1] døydde kort tid etter. Syskenbarnet til Hakluyt, også han ein Richard Hakluyt som var advokat ved Middle Temple, blei formyndar for guten.[3] Det skal ha vore under vitjingar og samtalr med han at Hakluyt bestemte seg for å studera kosmografi.[4]

Richard Hakluyt studerte i Oxford med støtte frå Skinners-lauget,[3] og blei seinare professor i kosmografi der. I denne stillinga innførte han globusar i engelsk skuleundervising.

I 1583 var Hakluyt med som kapellan for den engelske sendemannen sir Edward Stafford til Paris. I 1590 blei han utnemnd til sokneprest i Wetheringsett-cum-Brockford i Suffolk og i 1603 blei han vald til erkedekn i Westminster Abbey.

Han vigde livet sitt til studiet av historia til dei geografiske oppdagingane og la fram resultatet av forskinga si i fleire arbeid, blant anna i Divers Voyages Touching the Discoverie of America (1582) og hovudarbeidet sitt, The Principal Navigations, Voyages, Traffiques and Discoveries of the English Nation, som kom ut i 1598–1600, og i nytt opplag 1809–12.

Haklyut Society[endre | endre wikiteksten]

I 1846 blei Hakluyt Society stifta i London. Dette selskapet gjev ut eldre reiseskildringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 McHenry, Patrick (2. november 2004). «Richard Hakluyt». The Literary Encyclopedia. Henta 21. april 2007. 
  2. Hakluyt, Richard (1599). Goldsmid, Edmund, red. The Principal Navigations, Voyages, Traffiques and Discoveries of the English Nation (1885 Fourth utg.). London and Aylesbury: Hazell, Watson & Viney Limited. 
  3. 3,0 3,1 Richard S. Westfall (1995). «Hakluyt, Richard». The Galileo Project. Henta 21. april 2007. 
  4. Hakluyt's dedication to Sir Francis Walsingham of the work Hakluyt, Richard (1589). The Principall Navigations, Voiages, and Discoveries of the English Nation. London: Imprinted by George Bishop and Ralph Newberie, deputies to Christopher Barker, printer to the Queen's Most Excellent Majestie. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Richard Hakluyt
Bøker
  • Burrage, Henry S[weetser], red. (1906). ... Early English and French Voyages, Chiefly from Hakluyt, 1534–1608: With Maps and a Facsimile Reproduction. New York, N.Y.: Scribner's. 
  • Corbitt, David Leroy, red. (1948). Explorations, descriptions, and attempted settlements of Carolina, 1584–1590. Raleigh: State Department of Archives and History. 
  • Gray, Albert (1917). An Address on the Occasion of the Tercentenary of the Death of Richard Hakluyt, 23 November 1916: With a Note on the Hakluyt Family (OB4). London: Hakluyt Society. 
  • Hakluyt, Richard; Frank Knight (1964). They Told Mr. Hakluyt: Being a Selection of Tales and Other Matter Taken from Richard Hakluyt's "The Principal Navigations, Voyages, Traffics and Discoveries of the English Nation", with Various Explanatory Notes by Frank Knight. London: Macmillan & Co. 
  • Hakluyt, Richard (1880s). Henry Morley, red. Voyager's Tales, from the Collections of Richard Hakluyt. London: Cassell & Co. 
  • Lynam, E[dward] [William O'Flaherty], red. (1946). Richard Hakluyt & His Successors: A Volume Issued to Commemorate the Centenary of the Hakluyt Society. London: Hakluyt Society. 
  • Mancall, Peter C. (2007). Hakluyt's Promise: An Elizabethan's Obsession for an English America. New Haven, Conn.; London: Yale University Press. 
  • Markham, Clements R[obert] (1896). Richard Hakluyt: His Life and Work: With a Short Account of the Aims and Achievements of the Hakluyt Society: An Address, etc. (OB1). London: Hakluyt Society. 
  • Neville-Sington, P[amela] A.; Anthony Payne (1997). Richard Hakluyt and His Books: An Interim Census of Surviving Copies of Hakluyt's Divers Voyages and Principal Navigations. London: Hakluyt Society. ISBN 978-0-904180-56-5. 
  • Quinn, D[avid] B[eers], red. (1974). The Hakluyt Handbook [Hakluyt Society; 2nd ser., no. 144]. London: Hakluyt Society. ISBN 978-0-521-20211-4.  2 vols.
  • A Reproduction of the Tablet Erected in Bristol Cathedral to the Memory of Richard Hakluyt Born 1522, Died 1616 (OB3). London: Hakluyt Society. 1911. 
  • Sir Walter Raleigh and Richard Hakluyt: An Exhibition Held in the King's Library, British Museum, July–September 1952. [London]: British Museum. 1952. 
  • Watson, Foster (1924). Richard Hakluyt. [S.l.]: The Sheldon Press. 
Nyheiter