Hopp til innhald

Richard Herrmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Herrmann
StatsborgarskapNoreg
Fødd11. september 1919
Larvik
Død

14. juni 2010 (90 år)
Oslo

Yrkejournalist, skribent, Korrespondent, reporter, radioprogramleiar
PrisarBokhandlarprisen, Cappelenprisen, Riksmålsforbundets litteraturpris, Lytterprisen

Richard Herrmann (fødd 11. september 1919 i Larvik, død 15. juni 2010) var ein norsk journalist, kåsør og forfattar. Han voks opp på Torstrand i Larvik, men var dei siste åra av livet sitt busett på Skøyen i Oslo.

Herrmann var tilsett i den europeiske avdelinga til Reuters i London frå 1952 til 1964. Frå 1961 fungerte han som redaktør for den britiske avdelinga til Reuters. Frå 1952 var han frilansmedarbeidar i NRK, før han blei fast London-korrespondent for NRK frå 1964 til 1977. Etter det jobba han i programsekretariatet i radioen fram til 1984, då han fekk særskild ansvar for oppbygginga av NRK P2. Han hadde ei rekke radiokåseri opp i gjennom åra. Herrmann har skrive fleire bøker om historia, samfunns- og dagleglivet til britane.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1967 Over til London
  • 1968 Paradisveien
  • 1970 Bak den svarte døren
  • 1972 Under Big Ben
  • 1976 Da ballen ble rund og andre historier om engelsk fotball
  • 1976 Kvinner for freden
  • 1983 London: Mine gleders by
  • 1985 Seks skudd ved sengetid og andre mord
  • 1986 Livet med Elizabeth og andre kongelige personer
  • 1987 Victoria: en dronning for sin tid
  • 1988 Maria Stuart og hennes verden
  • 1990 Gammel krone for ny tid
  • 1991 En dikter fra Stratford (berre som lydbok)
  • 1992 Med skjebnen i hånden: Churchill-slekten i krig og fred
  • 1993 Fotballen: Den alvorlige leken

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]