Richard Kovich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Kovich
Fødd 1. desember 1926
Død

11. februar 2006

Richard Kovich (1. desember 192611. februar 2006)[1] var ein USA-amerikansk etterretningsagent som blei urettmessig skulda for å vera dobbeltagent.

Kovich var fødd i Hibbing i Minnesota som son av serbiske invandrarar, og snakka serbisk (eller serbo-kroatisk) frå barndomen. Han tente i den amerikanske marinen i Stillehavet under andre verdskrigen, og studerte ved University of Minnesota.[1]

Kovich gjekk tidleg inn i etterretningsorganisasjonen CIA, der han var ein lovande agent, og arbeidde lenge i Europa.[1] Han fann ut mykje om tekniske kapasitetar på rakettar og missil som fanst i Sovjetunionen av ein avhoppar, Mikhail Federov. I Noreg er han kjend for å vera styringsoffiser for den norske CIA-agenten Ingeborg Lygren. Han er likevel mest kjend for at han med urett mista truverde etter at leiaren for kontraspionasje, James Jesus Angleton, sette i gang eit stort program mot «moldvarpar» i organisasjonen, og ein sovjetisk avhoppar, Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn, hevda at ein slavisk person med eit etternamn som byrja på K spionerte for KGB.[1]

Kovich fekk etterkvart oppreising og erstatning, men måtte sjå kariera si øydelagd. Seinare fekk han tilgang til personellpapira sine og engasejerte seg i å få oppreising for agentar som var blitt mistrudde utan grunn..[1]

Han trekte seg tilbake frå etterretningstenesta i 1974, 47 år gammal.[2] Han døydde i 2006 på heimstaden i Jacksonville i Nord-Carolina.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Adam Bernstein (27. februar 2006). «CIA Officer Richard Kovich; Helped Notable Soviets Defect». Washington Post. 
  2. David Johnston (8. mars 1992). «C.I.A. Dug for Moles but Buried the Loyal». The New York Times.