Richard Palmer-James

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Richard Jeffrey Charles Palmer-James (fødd 11. juni 1947 i Bournemouth i England) skreiv tekstar for progrockbandet King Crimson tidleg i 1970-åra.[1]

Han spelte ikkje i sjølve bandet, men vart rekna som medlem. Palmer hadde då erstatta Peter Sinfield som òg skreiv tekstar for King Crimson.[1] Før King Crimson hadde han spelt i fleire band i Bournemouth: The Corvettes, The Palmer-James Group (i lag med Alec James), Tetrad og Ginger Man, alle med John Wetton på bass og vokal. Han var eit av medlemmane som starta Supertramp og han spelte gitar og skreiv tekstar for debutalbumet deira[2] under namnet Richard Palmer.

Palmer skreiv tekstar for tre King Crimson-album, Larks' Tongues in Aspic, Starless and Bible Black og Red. Han medverka ikkje meir med King Crimson etter at Robert Fripp la ned bandet ei stund i 1974, men arbeidde sidan med John Wetton og David Cross frå bandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «King Crimson». MTV. http://www.mtv.com/music/artist/king_crimson/artist.jhtml. Henta 12. juni 2012. 
  2. Interview with Richard Palmer-James in Calamity, Elephant Talk.