Richard Simonsen
Simonsen hadde ankeretappen på 4X400 m stafett og 2. etappe på 4x100 m stafett i svenskelandskampen i 67.
Richard Simonsen | |
Fødd | 20. august 1945 |
Yrke | friidrettsutøvar |
Richard Simonsen (fødd 20. august 1945) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla på sprintdistansane. I tida 1967-71 vann han åtte norske meisterskapstevlingar, fire av dei på 400 meter. Han var medlem IL Vestar og til sist av Kristiansands IF.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Simonsen var eit naturtalent som med mindre trening suste inn i norsk sprintelite i 1963. Han presterte då 10,6 på 100 m, 21,4 på 200 m og 47,9 på 400 meter, særleg imponerande var tidene på 200 m og 400. Dei neste åra hadde han tidmessig lite framgang, og vart ståande litt i skuggen av Carl Fredrik Bunæs.
Våren 1967, medan han studerte til tannlege i USA, forbetra Simonsen persen på 200 m til 21,2 under eit stemne i Minneapolis. Under dem minneverdige landskampen 20.-21. juni 1967, der Noreg med 111 mot 101 poeng vann ein sjeldan siger over Sverige, vann Simonsen både 100 m, 200 m og 400 m, den siste på sterke 47,0 og sprang på ankeretappane Noreg inn til siger på 4 x 400 m og 2. etappe. Der fekk han vist sine evner i kamp mann mot mann, då det «er som stafettløper han har høstet størst berømmelse».[1]
I åra fram til 1971 var Simonsen den klare einaren i Noreg på 200 m og 400 m. Han flytta den personlege rekorden på 400 m til 46,7 sekundar i 1970, eitt tidels sekund bakom noregsrekorden til Bunæs. Under EM i friidrett 1971 i Helsinki sprang han Noreg inn til norsk landslagsrekord på 4 x 400 m stafett i kvalifiseringa, og til åttandeplass i finalen. Laget, som bestod av Steinar Mo, Gøte Lundblad, Per Rom og Simonsen, er det einaste mannlege norske stafettlaget som har kvalifisert seg til ein stor meisterskapsfinale. Simonsen la opp etter 1972-sesongen.
Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- 1963: Sølvmedaljar på 100 m – 10,8, og på 200 m – 21,8
- 1965: Sølvmedalje på 100 m – 10,4 og bronsemedalje på 200 m – 21,7
- 1967: Gullmedaljar på 200 m – 21,4 og på 400 m – 47,7
- 1968: Gullmedalje på 400 m – 48,7, framom Steinar Mo (48,8)
- 1969: Gullmedalje på 400 m – 47,3, framom Hans Kristian Sætrum (48,8)
- 1970: Gullmedaljar på 100 m – 10,8, 200 m – 21,7, og 400 m – 47,8
- 1971: Gullmedalje på 200 m – 21,6, og sølvmedalje på 100 m – 10,7
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- friidrett.no
- ↑ Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971