Richard Sinclair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Sinclair
Richardsinclair.jpg
Fødd6. juni 1948 (72 år)
FødestadHerne Bay i Kent
FødenamnRichard Stephen Sinclair
OpphavCanterbury i England
AktivSidan 1960-åra
SjangerProgressiv rock, Canterbury scene, jazzfusion, eksperimentell rock, psykedelisk rock
Instrumentbassgitar, vokal, gitar
Tilknytte artistarCaravan, Camel, Hatfield and the North, Caravan of Dreams, The Wilde Flowers, Robert Wyatt, Soft Machine
Verka somgitarist, musikar, komponist, låtskrivar, songar

Richard Stephen Sinclair (fødd 6. juni 1948) er ein engelsk progressiv rock-bassist, gitarist og vokalist som har vore medlem av fleire band innan Canterbury scene.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sinclair spelte gitar (og stundom song) i The Wilde Flowers. I 1968 var han med å skipe Caravan, og byta då til bassgitar og delte solovokal i lag med Pye Hastings. Han skreiv brorparten av songane til det tredje albumet deira, In the Land of Grey and Pink. Sinclair slutta i Caravan i 1972 for å skipe Hatfield and the North med dei tidlegare Delivery-medlemmane Phil Miller og Pip Pyle. I 1974 deltok han på Rock Bottom, det andre soloalbumet til den tidlegare Soft Machine-trommisen Robert Wyatt.

Etter Hatfield vart oppløyst i 1975, flytta Sinclair attende til Canterbury, og heldt ein låg musikalsk profil, og spelte stundom under namnet Sinclair & The South. I 1977 gjekk han inn i Camel som den nye bassisten deira, der han vart verande for to studioalbum.

I 1980-åra spelte han meir sporadisk. I 1990-åra skipa han si eiga gruppe, Caravan of Dreams.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Artist Tittel
1962 ymse artistar Canterburied Sounds, Vol.s 1-4 (utgjeve 1998)
1965 The Wilde Flowers The Wilde Flowers (utgjeve 1994)
1968 Caravan Caravan
1970 Caravan If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You
1971 Caravan In the Land of Grey and Pink
1972 Caravan Waterloo Lily
1974 Hatfield and the North Hatfield and the North
1974 Robert Wyatt Rock Bottom
1975 Hatfield and the North The Rotters' Club
1977 Camel Rain Dances
1977 Camel Unevensongs
1978 Camel Breathless
1978 Camel A Live Record
1980 Hatfield and the North Afters
1981 Alan Gowen, Phil Miller, Richard Sinclair & Trevor Tomkins Before A Word Is Said
1982 National Health D.S. al coda
1982 Caravan Back to Front
1983 Hugh Hopper & Richard Sinclair Somewhere in France (utgjeve 1996)
1989 Phil Miller Split Seconds
1990 Hatfield and the North Live 1990
1990 Hatfield and the North Classic Rock Legends (DVD) (same konserten som over)
1990 Caravan Classic Rock Legends (DVD)
1992 Richard Sinclair's Caravan of Dreams Richard Sinclair's Caravan of Dreams
1993 Caravan of Dreams An Evening of Magic
1994 Richard Sinclair R.S.V.P.
1996 Richard Sinclair, David Rees & Tony Coe What in the World
1998 Pip Pyle 7 Year Itch
2002 Richard Sinclair Live Tracks
2003 Camel Live Tracks
2003 Dave Sinclair Full Circle
2003 Dave Sinclair Into The Sun
2003 Theo Travis Earth to Ether
2005 Hatfield and the North Hatwise Choice: Archive Recordings 1973—1975, Volume 1
2006 Hatfield and the North Hattitude: Archive Recordings 1973-1975, Volume 2
2006 In Cahoots Conspiracy Theories
2010 Doubt Never pet a burning dog[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.progarchives.com/album.asp?id=27205