Richard Tvedten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Tvedten
Fødd 5. oktober 1873
Død

19. juni 1936

Richard Nilsen Tvedten (5. oktober 187319. juni 1936) var ein norsk gardbrukar frå Tjølling som representerte Vestfold fylkeskrins og BondepartietStortinget i åra 1925-30.

Tvedten var son til ein gardbrukar. Han utdanna seg 1895-97 ved Ås landbruksskule i Akershus. Sidan var han gardsstyrar 1899-1900 på Reistad i Sigdal og 1900-03 på Ringnes i Krødsherad. Nokre år var han så trelasthandlar. I 1908 kjøpte han garden Lunde i Tjølling, som han dreiv til han døydde. Han var både styreformann i Larviks Aktiemeieri & Handelslag og Larviks Andels Potetmelfabrik.

Tvedten var ein sentral person i Vestfold, då Landmannsforbundet frå 1920 la grunnen for Bondepartiet. Han var såleis formann i Brunla krins og 1921-28 av landsstyret i Bondepartiet. Hausten 1924 vart han vald til stortingsmann for Bondepartiet og Vestfold. Tre år seinare vart han attvald. Begge tingperiodane var han sekretær i Justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]