Richard With

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard With
Richard With Stokmarknes.jpg
Fødd 18. september 1846
Tromsø
Død

9. februar 1930
Oslo

Richard With på Commons

Richard Bernhard With (18. september 18469. februar 1930) var ein norsk forretningsmann, skipper og stortingsmann. Han har fått tilnamnet Hurtigrutas far.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

With vart fødd i Tromsø og var son til ein skipper, som seinare vart fyrforvaltar. Sjølv gjekk han den «lærde» skulen i Tromsø og tok styrmannseksamen i Trondheim i 1864. Deretter var han sjømann i utanriksfart, før han gjennom firmaet «With & Kiil» på Andenes i 1875 overtok handelsstaden RisøyhamnAndøya. Allereie året etter gjekk firmaet konkurs, men han kunne halde fram drifta gjennom eit nytt firma.

Gjennom handelsverksemda vart han kjend med behovet for betre transport, og vart ein pådrivar i etableringa av Vesteraalens Dampskibsselskab i 1881. Dei to fyrste åra var han sjølv kaptein på selskapet sitt dampskip «Vesteraalen», deretter var han kontorsjef og seinare direktør i selskapet. Han sikra selskapet konsesjon på å drive heilårsrute langs norskekysten (Hurtigruta) med eit statstilskot på 70 000 kroner, og var i 1893 sjølv kaptein på den fyrste hurtigruteturen. Dampskipsselskapet leia han fram til 1909.

With var i perioden 1910-12 stortingsmann for Frisinna Venstre. Han representerte Vesteraalen krins i Nordland og var medlem av vegkomiteen, samt i 1910 av den utvida justiskomiteen. Tidlegare hadde han arbeidd med å utbetre den grunne farleia mellom Andøya og Hinnøya og klarte å få midlar til ei lita utdjuping av Risøyrenna. Som stortingsmann fekk han gjennomslag for løyvingar til den store mudringa i Risøyrenna, eit arbeid som vart avslutta i 1922.

Rundt 1910 var With sentral i etableringa av Den Norske Amerikalinje, der han også sat i styret fram til 1913. Han var også delaktig i stiftinga av Lofotens og Vesteraalens turistforening.

To av hurtigruteskipa har fått namn etter han: DS «Richard With» (1909) og dagens MS «Richard With» (1993). I 1993 vart han avbilda på eit frimerke.[1]

Han vart tildelt St. Olavs Orden i 1895, og i 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.

With døydde i Oslo i 1930, der han hadde budd sidan han vart stortingsmann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.arkivverket.no/hurtigruta/20.html
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]