Richie Furay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richie Furay
Richie Furay SXSW 2006 crop.jpg
Richie Furay på South by Southwest i 2006.
Verkeleg namn Paul Richard Furay
Fødd 9. mai 1944 (69 år), Yellow Springs i Ohio
Instrument Vokal og gitar
Sjanger Folkrock, countryrock
Aktive år 1962 til i dag
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Buffalo Springfield, Poco
Nettstad www.richiefuray.com

Paul Richard Furay (fødd 9. mai 1944) er ein amerikansk songar og låtskrivar som er er mest kjend som medlem av banda Buffalo Springfield med Stephen Stills, Neil Young, Bruce Palmer og Dewey Martin, og Poco med Jim Messina, Rusty Young, George Grantham og Randy Meisner.[1] Den mest kjende songen hans (opphavleg skriven medan han var i Buffalo Springfield, men først framført med Poco) var «Kind Woman», som han skreiv for kona si.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Før Buffalo Springfield spelte Furay i lag med Stills i gruppa Au Go Go Singers (Roy Michaels, Rick Geiger, Jean Gurney, Michael Scott, Kathy King, Nels Gustafson, Bob Harmelink, og Furay & Stills), som var husbandet for den kjende Cafe Au Go Go i New York.

Seint i 1960-åra var han med på å danne countryrockbandet Poco med Jim Messina og Rusty Young. Dette bandet var ei inspirasjonskjelde for mange framtidige countryrockband, men hadde ujamn suksess. Nokre av dei mest kjende songane til Furay, som «Pickin' Up The Pieces» og «Good Feelin' To Know», har nådd klassikarstatus og finst på mange samleplater. Furay forlet Poco i 1974 og danna Souther Hillman Furay Band. Det var i denne tida at Al Perkins, som spelte pedalsteelgitar i bandet, introduserte Furay for kristendom. Den nye trua hans hjelpte han med å redde ekteskapet.[2]

Sjølv om det første albumet til Souther, Hillman, Furay selde til gull og gav dei ein Topp 30-hit med «Fallin' in Love» i 1974, klarte ikkje gruppa å følgje opp suksessen og dårleg platesal førte til at bandet etter kvart vart oppløyst.

Furan danna så The Richie Furay Band med Jay Truax, John Mehler og Tom Stipe, og gav ut albumet I've Got a Reason i 1976, som synte den nye trua til Furay. For å hjelpe seg med utgjevinga danna Furay ein allianse med David Geffen og Asylum Records. Furay forsikra Geffen om at sjølv om albumet kom til å vere kristent, skulle han ikkje forkynne den nye trua si. I've Got a Reason etablerte likevel Furay som ein pioner innan kristenrock. Tittelsporet på det tredje albumet hans, den verdslege «I Still Have Dreams», vart ein liten radiohit i 1979. Totalt sett gjorde albuma hans det forholdsvis bra, men etter å ha vert mykje borte frå familien sin i 1970-åra, gav han seg med rock and roll for å verte prest.

Sidan tidleg i 1980-åra har Furay vore pastor i Calvary Chapel i Broomfield i Colorado, ei ikkje-sekterisk kristen kyrkje i Denver-området. Han spelar framleis som soloartist, og stundom i lag med Poco. Han turnerte som oppvarming for America og Linda Ronstadt sommaren 2006.

I 2007-2009 turnerte han med ei ny utgåva av the Richie Furay Band. I oktober 2010 vart han gjenforeint med Neil Young og Stephen Stills i Buffalo Springfield.

Delvis diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Au Go-Go Singers:

Buffalo Springfield:

Poco:

Souther-Hillman-Furay Band:

Solo:

  • I've Got a Reason (1976) (Asylum)
  • Dance a Little Light (1978) (Asylum)
  • I Still Have Dreams (1979) (Asylum)
  • Seasons of Change (1982) (Myrrh Records)
  • In My Father's House (1997) (Calvary Chapel Records)
  • I am Sure (2005) (FridayMusic)
  • The Heartbeat of Love (2006) (Richie Furay and John Macy)

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

The Richie Furay Band[endre | endre wikiteksten]

  • ALIVE (2007) (FridayMusic)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edmunds, Mike. «Biography: Richie Furay». Allmusic. http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&searchlink=RICHIE. Henta 26 August 2010. 
  2. http://www.cbn.com/cbnmusic/interviews/700club_richiefuray062006.aspx The 700 Club - Richie Furay: What It's Worth