Richmond upon Thames

Koordinatar: 51°27′N 0°18′W / 51.450°N 0.300°W / 51.450; -0.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Richmond i London)

Richmond upon Thames

Richmond Bridge over Themsen
Richmond Bridge over Themsen
Richmond Bridge over Themsen
Plassering
Richmond upon Thames is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Stor-London
Distrikt Richmond upon Thames
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

21 221
Koordinatar 51°27′N 0°18′W / 51.450°N 0.300°W / 51.450; -0.300
Diverse annan informasjon
Postnummer TW9, TW10
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons har multimedium som gjeld: Richmond upon Thames

Richmond upon Thames (oftast berre kalla Richmond) er ein forstad til London. Byen ligg sør for Themsen, men på grunn av måten elva svingar i området ligg han nordaust for Richmond Bridge og Twickenham. På sommaren trener fleire roklubbar frå universiteta i London på elva ved Richmond, og mange turistar tek fotturar langs elvebreidda. Byen blir ofte omtalt som ein del av Surrey, men er offisielt ikkje lenger ein del av dette grevskapet.

Blant kjende personar frå Richmond finn ein skodespelaren Richard Attenborough, George Eliot og målaren J.M.W. Turner. Sistnemnde målte fleire gonger motiv frå byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1100-talet til 1649 låg det ein kongeleg residens i Richmond. Han er særleg kjent frå 1500-talet, då Henrik VIII og seinare Elisabeth I feira juletida i palasset.

Henrik I budde ein kort periode i Sheen, men det var Edvard I som var den første som tok med heile hoffet sitt dit. Etter avrettinga av William Wallace («Braveheart») i 1305 var det i Sheen at dei skotske kommisjonærane måtte knele for han og sverje truskap.

Percyslekta frå Northumberland vart i 1310 løna for lojaliteten sin mot krona med eit baroni i Sheen. Hertugen av Nortumberland har enno Alnwick slott i Northumberland og Syon House rett nord for Richmond som sine hovudresidensar.

Edvard II grunnla eit karmelittkloster i Sheen etter nederlaget ved Bannockburn i 1314. Då Edvard III kom til makta i 1327 gav han huset til mora si Isabella. Etter kona døydde nesten femti år seinare brukte han meir enn 2000 pund på oppussing av huset, noko som var ein stor sum på den tida. Han døydde sjølv på herregarden før arbeidet var ferdig, i 1377. Under tida hans, i 1368, hadde Geoffrey Chaucer gjort teneste som yeoman i Sheen.

Richard II var den første kongen som gjorde Sheen til hovudresidensen sin, i 1383. Han tok med seg kona si Anne av Böhmen dit, og dei levde der saman i 12 år før ho døydde. Kongen vart så frå seg av sorg over kona si at han beordra at herregarden skulle rivast. Han låg i ruinar i nesten 20 år, før Henrik V starta byggearbeid. Han grunnla òg eit karteuserkloster der.

Herregarden brann ned 23. desember 1497, og Henrik VII bygde eit slott der i staden. Han likte seg særs godt i Richmond slott i Yorkshire, og var òg jarl av Richmond, og gav difor staden namnet Richmond i 1501. Sheen er i dag eit område heilt i den austlege ytterkanten av Richmond.

Kollektivtransport[endre | endre wikiteksten]

Richmond stasjon er endestasjon for undergrunnslinja District og toglinja North London-linja. Tog frå Waterloo stasjon stoppar òg normalt der.

Andre jernbanestasjonar i området er St. Margarets, North Sheen og Kew Gardens.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]