Richmond i North Yorkshire
Utsjånad
| Richmond | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | North Yorkshire | ||
| Distrikt | Richmondshire | ||
| Folketal | 8 079 (2021)[1] | ||
| Postnummer | DL10 | ||
| Retningsnummer | 0 1748 | ||
![]() Richmond i North Yorkshire 54°24′13″N 1°44′14″W / 54.403611°N 1.737222°W | |||
| Wikimedia Commons: Richmond, North Yorkshire | |||
Richmond er ein marknadsby ved elva Swale i North Yorkshire i England. Byen ligg rett ved Yorkshire Dales nasjonalpark, og er eit populært turistmål.
Namnet har opphavet sitt i byen Richemont i Normandie (no i Haute-Normandie). Jarlen av Richmond, ein tittel som hertugen av Bretagne hadde frå 1136 til 1399, styrde området, og namnet vart difor brukt òg i England. På 1600-talet gjekk tittelen til Stewart, som òg hadde den skotske tittelen hertug av Lennox.
Richmond slott er den fremste turistattraksjonen i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Richmond (North Yorkshire)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.

