Rick Davies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rick Davies
Supertramp - Rick Davies (1979).png
Davies, 1979
Fødd22. juli 1944 (77 år)
FødestadSwindon
FødenamnRichard Davies
OpphavSwindon i Wiltshire i England
AktivSidan 1956
SjangerProgressiv rock, poprock, kunstrock
Instrument
  • Vokal
  • klaverinstrument
  • munnspel
[1]
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarSupertramp
PlateselskapA&M, Rick Davies Productions
Verka somMusikar, låtskrivar

Richard Davies (fødd 22. juli 1944) er ein engelsk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend for å ha skipa og vere vokalist og klaverspelar i det rockebandet Supertramp. Davies er det einaste medlemmet som har vore i bandet heile vegen, og skreiv nokre av dei mest kjende songane deira, som «Rudy», «Bloody Well Right», «Ain't Nobody But Me», «Gone Hollywood», «Goodbye Stranger», «Just Another Nervous Wreck», «Cannonball», og «I'm Beggin' You».[2] Han er generelt kjend for dei rytmiske bluessoloane på piano og jazz-aktige progressiv rock-komposisjonar med kyniske tekstar.

Frå og med Indelibly Stamped i 1971 delte Davies solovokal i lag med låtskrivarpartnaren i Supertramp, Roger Hodgson, fram til Hodgson slutta i bandet i 1983,[3] og vart då den einaste songaren i gruppa. Røysta til Davies er djupare enn røysta til Hodgson og han har vanlegvis ein raspande baryton som stod til tenoren til Hodgson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fuentes, Abel (January 2011). Interview with Richard Palmer [1], Supertramp Soap Box Asylum. Henta 9. juni 2020.
  2. «Supertramp», 107.1 Nash Icon, ©2019 Triton Digital. All Rights Reserved. 4.19.2-009
  3. Erlewine, Stephen Thomas; Leahey, Andrew. «Biography: Supertramp». AMG. Henta 9. juni 2020.