Rick Parfitt
Utsjånad
| Rick Parfitt | |||
| Konsert med Status Quo i Örebro i Sverige i juli 2007 | |||
| Fødd | 12. oktober 1948 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Woking i Surrey i England | ||
| Død | 24. desember 2016 (68 år) | ||
| Dødsstad | Marbella i Spania | ||
| Fødenamn | Richard John Parfitt | ||
| Opphav | Storbritannia | ||
| Aktiv | 1964–2016 | ||
| Sjanger | |||
| Instrument | Gitar, vokal | ||
| Tilknytte artistar | Status Quo, Band Aid | ||
| Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
| Born | Rick Parfitt Jr. | ||
| Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen | ||
Richard John Parfitt (12. oktober 1948–24. desember 2016) var ein engelsk musikar, mest kjend som songar, låtskrivar og rytmegitarist med rockebandet Status Quo.
Parfitt byrja karrieren sin tidleg i 1960-åra og spelte på pubar og ferieleirar. Han vart med i Status Quo i 1967 då dei var på utkikk etter ein ekstra songar. Han skreiv songar for bandet og vart verande bandmedlem i 49 år. Han var stundom gjesteartist for andre band, og spelte inn eit soloalbum som aldri kom ut i 1985. I 2016 tok Parfitt ein pause frå bandet då han vart sjuk, og døydde julaftan det året. Det einaste soloalbumet hans, Over and Out, kom ut posthumt i 2018.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rick Parfitt» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Status Quo si offisielle nettside
- Minneord: Rick Parfitt frå BBC News