Rickenbacker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rickenbacker


Skipa1931
HovudkontorSanta Ana i California
LandUSA
Produktelektrisk gitar, el-bass, lap steel guitar, console steel guitar, Gitarforsterkar
Grunnleggjar(ar)Adolph Rickenbacher
Nettstadhttp://www.rickenbacker.com/ (engelsk)

Rickenbacker er ein amerikansk produsent av elektriske gitarar og bassgitarar.[1] Selskapet vart skipa i 1931 av Adolf Rickenbacher som var blant oppfinnarane av den elektriske gitaren. Han hadde emigrert til USA frå Sveits.

Firmaet fekk først namnet Electro String Instrument Corporation og skulle laga såkalla «hawaiiske gitarar» med lang hals og små, runde resonanskasser. Dei vart derfor kalla «steikepanner». Då rock and roll gjorde sitt inntog for alvor utover 1950-talet, gjekk dei snart over til standard gitarar.

Selskapet held til i Santa Ana i California.

Gitarane er kjend for den særeigne klingande lyden og 12-strengsutgåva vart mykje nytta av The Beatles, Gerry Marsden frå Gerry and the Pacemakers og Roger McGuinn frå The Byrds. 6-strengsutgåva vart til dømes spelt av John Fogerty frå Creedence Clearwater Revival.

Kjende musikarar som nytta Rickenbacker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tony Bacon; Paul Day (1994), The Rickenbacker Book, Miller Freeman Books, s. 9, ISBN 0-87930-329-8 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rickenbacker