Ricky Gardiner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ricky Gardiner
Fødd1948
FødestadEdinburgh
Død15. mai 2022 (74 år)
OpphavStorbritannia
Sjangerpønkrock, rock and roll, progressiv rock
Instrumentgitar
Verka somkomponist, gitarist

Ricky Gardiner (fødd 1948 i Edinburgh i Skottland) er ein skotsk gitarist og låtskrivar.

Han har spelt i sitt eige band, Beggars Opera, og med David Bowie og Iggy Pop. For Bowie spelte han sologitar på albumet Low i 1977.[1] Han arbeidde med Pop på Lust for Life same året. Albumet inkluderte «The Passenger», som vert rekna som ein av dei beste songane til Iggy Pop.[2] Gardiner skreiv musikken for denne songen. Bowie-biografen David Buckley skildra songen som «besett med ein av dei beste gitarriffa gjennom tidenen».[3]

Sidan 1970-åra har Gardiner spelt og skrive songar innan mange stilartar, mellom anna ambient, klassisk musikk og rock and roll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Goldring, Susie (18. april 2007). «David Bowie - Low». Classic Pop/Rock Review. BBC. Arkivert frå originalen 14. januar 2009. Henta 9. mai 2011. 
  2. Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). Bowie: An Illustrated Record. New York/London: Avon/Eel Pie Publishing. s. 118. ISBN 0380779668. OCLC 7862636. 
  3. Buckley, David (1999). Strange fascination: David Bowie: the definitive story. London: Virgin Books. s. 318. ISBN 9781852277840. OCLC 43757665. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]