Ricky Lancelotti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ricky Lancelotti
Fødd 25. august 1944
Død

7. april 1980

Yrke songar

Ricky Lancelotti (25. august 19447. april 1980), òg kjend som Rick Lancelot, var ein songar som er mest kjend for arbeidet sitt med Frank Zappa i 1973.

Under scenenamnet Rick Lancelot gav Lancelotti ut fleire singlar for RCA Records i 1965 og 1966, utan kommersiell suksess. Samstundes hadde han opptredenar på ABC-TV sin musikkserie Shindig som fast songar for programmet.

Lancelotti hadde òg ein kontrakt med Hanna Barbara og spelte inn vokal for showet The Banana Splits. Han var ein av fleire ukrediterte songarar på dette barne-tv-programmet, som gjekk frå 1968 til 1970. Vokalen hans er med på albumet We're the Banana Splits som vart gjeve ut av Decca Records i 1968.

Lancelotti song også med grupa Sky Oats. Musikken deira var med i surfedokumentaren Pacific Vibrations frå 1970.[1]

Frank Zappa tok med Lancelotti på nokre få songar på Over-Nite Sensation (1973). Andre songar er sidan gjevne ut på The Lost Episodes og Läther.[2]

Han døydde den 7. april 1980.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. United Mutations - ricky lancelotti
  2. «Ricky Lancelotti - Zappa Wiki Jawaka», wiki.killuglyradio.com, henta 18. desember 2018 
  3. «ricky lancelotti», www.united-mutations.com, henta 18. desember 2018