Ricky Martin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ricky Martin
Ricky Martin 2010.jpg
Fødd1971-12-2424. desember 1971
FødenamnEnrique Martín Morales
AliasRicky Martin
OpphavPuerto Rico, Spania
SjangerPop
Stemmetypetenor
Verka somSongar
Skodespelar
Gift medJwan Yosef
Ricky Martin at the National Puerto Rican Day Parade.jpg

Enrique Martín Morales, kjend som Ricky Martin (fødd 24. desember 1971 i Puerto Rico) er ein puertoricansk popmusikar og skodespelar som oppnådde stor internasjonal merksemd og popularitet med hitsongar som «Livin' la Vida Loca», «She Bangs» og fleire album. Martin var fyrst medlem av gutegruppa Menudo og etter 1991 som soloartist.

I løpet av sin musikalske karriere har han selt over 60 millionar album over heile verda. Martin har fleire gongar blitt nominert til ein av dei «50 vakraste personane i verda» av blad som People magazine og spanskspråklege People en Español mellom 2000 og 2006.

Han grunnla den veldedige organisasjonen Ricky Martin Foundation (spansk Fundación Ricky Martin), som arbeider for levevilkåra til barn, i 1997.[1]

I august 2008 blei Ricky Martin far til tvillinggutar ved hjelp av ei surrogatmor. Han stod i 2010 fram som homofil på den offisielle nettstaden sin.

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Ricky Martin (1991)
  • Me Amarás (1993)
  • A Medio Vivir (1995)
  • Vuelve (1998)
  • Ricky Martin (1999)
  • Sound Loaded (2000)
  • Almas del Silencio (2003)
  • Life (2005)
  • Música + Alma + Sexo (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. About us ved rickymartinfoundation.org; Ricky Martin Foundation ved There's Something About Ricky Martin