Riddarfjärden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°19′24.175″N 18°2′53.902″E Riddarfjärden er det austlegaste sundet i Mälaren.

Riddarfjärden ligg ved Stockholm, mellom bydelane Marieberg, Kungsholmen, Norrmalm, Riddarholmen og Gamla stan i nord, og dessutan Södermalm og Långholmen i sør. Västerbron er den vestlege grensa, medan Vasabron er austleg grense.

Riddarfjärden er 2,7 km lang i aust-vestleg retning, og på det minste 400 meter brei. I snitt er djupna 15-20 meter, den største djupna er 23 meter. Strandlinjen er 6,4 km.

Riddarfjärden munnar ut i Norrström og Söderström mot Saltsjön og Austersjøen. Grensa mellom landskapa Uppland og Södermanland går gjennom det midtre spennet til Västerbron.

Riddarfjärden mot vest i 2006. I bakgrunnen Västerbron og til høgre Norr Mälarstrand med Stadshuset og lystjakten Mälardrottningen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]