Riddarspore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åkerriddarspore

Riddarspore (bokmål ridderspore) er ei nemning som blir nytta om plantar både frå småriddarsporeslekta (Consolida) og riddarsporeslekta (Delphinium) i soleiefamilien.

Artane i Consolida skil seg frå Delphinium gjennom blomsterstrukturen, der plantane i Consolida har ein meir open struktur, medan plantane i Delphinium har blomstrar som sitt og dannar ei søyle. Dei fleste artane i Delphinium er fleirårige, medan artane i Consolida er eittårige.

I Noreg er det berre ein riddarsporeart som veks vilt, åkerriddarspore (Consolida regalis). Elles er fleire artar nytta som hageplantar.

Den vanlegaste kultivaren er frå hybriden Delphinium x elatum, hageriddarspore.