Ride a White Swan
Ride a White Swan Singel av T. Rex | ||
B-side |
«Is It Love?», «Summertime Blues» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. oktober 1970 | |
Innspelt | 1. juli 1970 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 2:15 | |
Selskap | Fly | |
Tekstforfattar | Marc Bolan | |
Låtskrivar(ar) | Marc Bolan | |
Produsent | Tony Visconti | |
T. Rex-kronologi | ||
Ride a White Swan | «Hot Love» (1971)
|
«Ride a White Swan» er ein song av det britiske glamrockbandet T. Rex som først vart ein hit i 1970, og som vert rekna som starten på glamrockbølgja. Songen var skriven av gitarist og frontmann Marc Bolan.
Då Bolan døydde i ei bilulukke i 1977, mintest dei sørgande Bolan med å lage ein stor svane av blomar under gravferda hans.
Songen er ein av fleire T. Rex-songar som vert nytta i filmen Billy Elliot.
«Ride a White Swan» er spelt av mange andre artistar, mellom anna Naomi Campbell då ho prøvde seg som artist.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Mindre enn eitt år tidlegare prøvde Bolan å gjere ein overgang frå den akustiske stilen til bandet til ein meir elektrisk stil. I tillegg hadde han byta ut perkusjonisten Steve Peregrin Took med Mickey Finn. Kort tid etter vart bandnamnet korta ned frå Tyrannosaurus Rex til T. Rex.[1]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Songen vart gjeven ut på singel den 24. oktober. T. Rex hadde lenge lege i nedre del av Topp 40 med tidlegare singlar, men var ikkje særskild kjend hos det store publikum. «Ride a White Swan» klatra sakte, men jamnt og nådde Topp 40 den 31. oktober. Først 11 veker seinare, den 23. januar 1971 nådde songen 2. plassen. Songen nådde 48. plass i Canada.
«Ride a White Swan» gjorde Bolan til ei stjerne og vart gjennombrotet til T. Rex. Oppfølgjaren «Hot Love» gjekk til førsteplassen og vart liggande der i seks veker medan fenomenet glamrock festa grepet.
Framføringar
[endre | endre wikiteksten]Bolan spelte songen to gonger på Top of the Pops med Mickey Finn på bass. Framføringane medverka stort til suksessen til singelen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ride a White Swan» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Bestuff - "Ride a White Swan"». Arkivert frå originalen 2. juni 2014. Henta 30. mars 2011.