Ridedrakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elisabeth av Bayern, austerriksk keisarinne, i ridedrakt i 1884
Ridedrakt med skalk frå ca. 1890, LACMA i Los Angeles

Ridedrakt er ei klesdrakt for kvinner spesiallaga til hesteriding.

Frå midten av 1600-talet har formelle europeiske ridedrakter laga for å ri i damesal vanlegvis omfatta:

Støvlar med låge hælar, hanskar og ofte eit halstørkle eller liknande blei også brukt til drakta. Typisk brukte ridedrakter i heile perioden detaljar frå mannsklede, som store mansjettar, gullkant eller knappar. Fargane var ofte mørkare og meir maskuline enn dei ein brukte til daglegdrakter. Tidlege stilar kunne likna kjolane brukte av smågutar før dei byrja bruka bukser på desse områda.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

I Frankrike på 1600-talet brukte kvinner ei ridedrakt kalla devantiere.[1] Skjørtet på denne drakta hadde ein splitt bak slik at ein kunne sitja overskrevs på hesten.[2] Tidleg på 1800-talet kunne ordet «devantiere» brukast om heile ridedrakta eller om delar av henne, som skjørtet,[2] forkledet,[3] eller ridejakta.[4]

Redingote frå ca. 1790 i silke og bomull. Los Angeles County Museum of Art[5]

Då høgt liv var på moten, frå rundt 1790 til 1820, kunne ridedrakta omfatta ein kåpekjole kalla riding coat på engelsk, lånt inn på fransk som redingote), eller eit skjørt med ei kort jakke til som ofte var lengre bak enn framme. Det franske ordet redingote (eller redingotte, redingot)[6] blei lånt tilbake til engelsk. Plagget det viste til har hatt ulike utformingar, brukt av både kvinner og menn.

Den fyrste redingote-forma blei utvikla på 1700-talet, og blei brukt til reise til hest. Dette var ei stor kåpe til nyttebruk. Dei siste to tiåra av 1700-talet byrja ho utvikla seg til eit formsydd moteplagg som var inspirert av herremoten i samtida. Italiensk mote tok også opp plagget, kalla redingotte, og tilpassa det til meir formelle høve.

Redingote var ikkje nødvendigvis ridedrakt meir. Redingote à la Hussar (frå fransk redingote à la Hussarde) hadde parallelle rekkjer av horisontale fletteband etter mønster frå hussaruniformer. Stilen fortsette å utvikla seg gjennom 1800-talet. Han fekk etterkvart ei kroppsnær form ved brystet og livet, med ei utviding mot falden.

Hawaii blei tradisjonelle pa'u-skjørt utvikla til lange, vide bukser ein kunne ri overskrevs på hestar med på 1800-talet. Denne klesdrakta blir framleis brukt av pa'u-ryttarar i dag.[7]

Omtale[endre | endre wikiteksten]

Samuel Pepys skreiv i dagboka si 12. juni 1666:

« Walking in the galleries at White Hall, I find the Ladies of Honour dressed in their riding garbs, with coats and doublets with deep skirts, just, for all the world, like mine; and buttoned their doublets up to the breast, with periwigs under their hats; so that, only for a long petticoat dragging under their men's coats, nobody could take them for women in any point whatever; which was an odde sight, and a sight did not please me.[8] »

To hundre og femti år seinare skreiv Emily Post:

« A riding habit, no matter what the fashion happens to be, is like a uniform, in that it must be made and worn according to regulations. It must above all be meticulously trig and compact. Nothing must be sticking out a thousandth part of an inch that can be flattened in.[9] »

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewandowski, Elizabeth J. (2011). The complete costume dictionary. Lanham, Md.: Scarecrow Press, Inc. s. 86. ISBN 9780810840041. 
  2. 2,0 2,1 Boileau, Daniel (1822). The French Remembrancer, Or, a New & Easy Method of Recollecting the Genders of French Nouns Substantive, Etc. T. Cadell & G. & W. B. Whittaker. s. 315. 
  3. Boyer, Abel (1780). Dictionnaire royal francais-anglois et anglois-francois, 1: tiré des meillens auteurs qui ont écrit dans ces deux langues. Jean-Marie Bruyset. s. 192. 
  4. Cobbett, William (1833). A New French and English Dictionary. s. 137. 
  5. Takeda and Spilker (2010), pp. 82–83
  6. Oxford English Dictionary, Third Edition, September 2009
  7. «Pāʻū Riding», Images of Old Hawaiʻi (på engelsk), 20. oktober 2019, henta 13. desember 2022 
  8. «Samuel Pepys Diary June 1666 complete». Arkivert frå originalen 20. januar 2020. Henta 12. desember 2022. 
  9. «33. Dress. Post, Emily. 1922. Etiquette». 
  10. «Regencygarderobe.com». 
  • Denne artikkelen bygger på «Riding habit» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2022.
  • Cassin-Scott, Jack, Costume and Fashion in colour 1760–1920, Blandford press, ISBN 0-7137-0740-2
  • Payne, Blanche: History of Costume from the Ancient Egyptians to the Twentieth Century, Harper & Row, 1965. No ISBN for this edition; ASIN B0006BMNFS
  • Tozer, Jane and Sarah Levitt, Fabric of Society: A Century of People and their Clothes, 1770–1870, Laura Ashley Press, ISBN 0-9508913-0-4
  • Takeda, Sharon Sadako, and Kaye Durland Spilker, Fashioning Fashion: European Dress in Detail, 1700–1915, LACMA/Prestel US 2010, ISBN 978-3-7913-5062-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ridedrakt