Ried im Innkreis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sentrum i gamlebyen i Ried

Ried im Innkreis er ein by og ein kommune i Distriktet Ried im Innkreis i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 6,8 km² og i kring 11 800 ibuarar. Byen Ried ligg 433 meter over havet, i kring 80 kilometer vest om Linz og 60 kilometer nordaust om Salzburg.

Ried fekk byprivelegiar i 1857 og ber preg av ein byggjestil typisk for bymessige stader langs elvane Inn og Salzach.

Sportsutstyr-produsenten Fischer har sitt hovudkontor i Ried.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]