Riefensberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over ein del av Riefensberg, med Leonhard-kyrkja

Riefensberg er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som høyrer til distriktet Bregenz, dekker eit areal på 14,8 km² og hadde 1037 ibuarar i 2016. Landsbyen Riefensberg ligg 781 meter over havet. Kommunen grensar i aust til delstaten Bayern i Tyskland.

Landbruk og turisme er dei dominerande næringane i kommunen, der 45% av arealet vert nytta til jord- eller skogbruk. 36 % av flatevidda er skogvaksen, medan 12 % er snaufjell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]