Rieserferner-massivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rieserferner-massivet

Rieserferner-massivet er eit område lengst sørvest i fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane. Massivet ligg i forbundslandet Tirol i Austerrike og provinsen Bolzano i Italia. Størsteparten av fjellområdet ligg i Bolzano-provinsen, der ein stor del er innlema i Naturpark Rieserferner-Ahrn.

Området har namn etter isbreen Rieserferner, som ligg på nordsida av Hochgall, den høgste fjelltoppen i massivet (3 436 moh) og Schneebiger Nock (3 358 moh).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]