Riftdalsjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over regionen der ein finn riftdalsjøane, medrekna Riftdalen.
Utsyn over Turkanasjøen

Riftdalsjøane er ei gruppe innsjøar i Den austafrikanske Riftdalen som går gjennom Aust-Afrika frå Etiopia i nord til Malawi i sør, og omfattar Dei store sjøane i Afrika i sør. Dei omfattar nokre av verdas eldste, djupaste og største innsjøar, både etter areal og volum. Mange er ferskvass-økoregionar med stort biologisk mangfald, medan andre alkaliske «natronsjøar» inneheld særskilt spesialiserte organismar.

Riftdalsjøane er velkjende for utviklinga av minst 800 artar av ciklidefiskar som finst i vatna deira. Det er venta at ein vil finna fleire artar.[1]

Denne artikkelen listar opp dei større sjøane i gruppa, hovudsakleg frå nord til sør.

Etiopia[endre | endre wikiteksten]

Dei etiopiske Riftdalsjøane er dei nordlegaste av Riftdalsjøane. I sentrale Etiopia delar den etiopiske hovudrifta, også kjend som Den store Riftdalen, det etiopiske høglandet i nordlege og sørlege halvdelar, og dei etiopiske Riftdalsjøane ligg nedst i Riftdalen mellom dei to høglanda. Dei fleste av dei etiopiske innsjøane i Riftdalen har ikkje utløp, og dei fleste er alkaliske. Sjølv om dei etiopiske innsjøane i Riftdalen har stor tyding for økonomien i Etiopia, i tillegg til at dei er avgjerande for overlevinga til lokalbefolkninga, har det ikkje funne stad nokre intensive og omfattande limnologiske studiar av desse innsjøane før inntil nyleg.[2]

Dei største sjøane er:

  • Abayasjøen (areal 1162 km², høgd 1285 m, største djupne 13,1 m), den største etiopiske Riftdalsjøen etter overflateareal
  • Chamosjøen (areal 551 km², høgd 1235 m, største djupne 14 m)
  • Zwaysjøen eller Dambal (areal 485 km², høgd 1636 m, største djupne 8,9 m)
  • Shalasjøen (areal 329 km², høgd 1558 m, største djupne 266 m), den djupaste etiopiske Riftdalsjøen og den største i vassvolum
  • Kokareservoaret (areal 250 km², høgd 1590 m, største djupne ikkje funnen)
  • Langanosjøen (areal 230 km², høgd 1585 m, største djupne 46 m)
  • Abijattasjøen (areal 205 km², høgd 1573 m, største djupne 14 m)
  • Awasasjøen (areal 129 km², høgd 1708 m, største djupne 10 m)

Tanasjøen, kjelda til Den blå Nilen, ligg i dei etiopiske høglanda nord for Riftdalen, men er ikkje ein Riftdalsjø.[3]

Austlege Riftdalsjøar[endre | endre wikiteksten]

Natronsjøen

Sør for det etiopiske høglandet deler riftdalen seg i to store delar. I den austlege rifta ligg dei kenyanske innsjøane i Riftdalen, medan dei fleste av dei sentralafrikanske Riftdalsjøane ligg i den vestlege rifta. Dette området inkluderer Gregoryrifta i Kenya og Tanzania.

Kenya[endre | endre wikiteksten]

Den kenyanske delen av Riftdalen omfattar åtte sjøar, tre av dei mest ferskvatn og resten alkaliske. Av dei sistnemnde har dei grunne alkaliske vatna i den austlege Riftdalen krystallisert salt som gjer breidda kvit og er kjende for dei store flokkane flamingo som lever på krepsdyr her.

  • Baringosjøen: nest størst av dei kenyanske Riftdalsjøane.
    • Areal 130 km², høgd 970 m, ferskvatn
  • Bogoriasjøen: grunn natronsjø, eit nasjonalt verneområde.
    • Areal 34 km², høgd 990 m
  • Elmenteitasjøen: grunn natronsjø.
  • Logipisjøen: grunn natronsjø med vasstilførsel frå varme kjelder i Sugutadalen like sør for Turkanasjøen. Tidlegare Sugutasjøen.
  • Magadisjøen: grunn natronsjø nær den sørlege grensa til Tanzania.
  • Naivashasjøen:
    • Areal 160km², sjølv om dette varierer ein del etter nedbørsmegnd, høgd 1890 m, ferskvatn
  • Nakurusjøen: grunn natronsjø, nasjonalpark sidan 1968.
    • Areal 40 km², høgd 1759 m
  • Turkanasjøen: den største av dei kenyanske sjøane, på grensa mellom Kenya og Etiopia.
    • Areal 6405 km², høgd 360 m, ferskvatn

Tanzania[endre | endre wikiteksten]

Alle sjøane i den tanzanianske delen av denne gruppa er alkaliske:

Vestlege eller Albertineriftdalsjøar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Riftdalsjøane. Frå venst til høgre Upembasjøen, Mwerusjøen, Tanganyikasjøen (størst) og Rukwasjøen.

Sjøane i den vestlege rifta eller Albertinerifta, med Victoriasjøen, omfattar dei største, djupaste og eldste Riftdalsjøane. Dei blir også kalla dei sentralafrikanske sjøane. Sjøane Albert, Victoria, og Edward er del av nedslagsfeltet til Nilen.

Victoriasjøen (høgd 1134 m), med eit areal på 68800 km², er den største innsjøen i Afrika. Han ligg ikkje i Riftdalen, men i ei senking mellom den austlege og vestlege rifta danna av hevinga til riftene på kvar side. Innsjøane Victoria, Tanganyika og Malawi blir tidvis kalla Dei store sjøane i Afrika.

Dei vestlege Riftdalsjøane er ferskvassjøar og husar ei rekkje ulike artar. Det finst rundt 1500 ulike ciklideartar (Cichlidae) i desse sjøane. I tillegg til ciklidane finst det bestandar av Clariidae, Claroteidae, Mochokidae, Poeciliidae, Mastacembelidae, Centropomidae, karpe Clupeidae og andre fiskefamiliar her. Sjøane danna også viktige habitat for fleire amfibium, som Amietophrynus kisoloensis, Bufo keringyagae, Cardioglossa cyaneospila og Nectophryne batesii.

  • Albertsjøen (5300 km², høgd 615 m) er den nordlegaste sjøen i den vestlege Riftdalen.
  • Edwardsjøen (2325 km², høgd 912 m) renn ut i Albertsjøen
  • Kivusjøen (2220 km², høgd 1460 m) renn ut i Tanganyika via Ruzizielva.
  • Tanganyikasjøen (32900 km², høgd 773 m) er den største og djupaste av Riftdalsjøane (over 1400 m), og er den nest djupaste ferskvassjøen i verda (etter Bajkalsjøen).[1] Under rundt 200 meters djupne er vatnet i han anoksisk (oksygenlaust) og inneheld ikkje noko anna liv enn anoksiske bakteriar.[3] Han er svært sensitiv for klima.[4] Sjøen høyrer til Kongoelv-bassenget, og gjev frå seg vatn til Kongoelva via Lukugaelva.

Dei sørlege Riftdalsjøane (Tanzania og Malawi)[endre | endre wikiteksten]

Dei sørlege Riftdalsjøane liknar dei vestlege Riftdalsjøane ved at dei, med eitt unntak, er ferskvassjøar.

  • Rukwasjøen (rundt 5670 km², men ganske variabelt) i Tanzania er den einaste alkaliske sørlege Riftdalsjøen. Han ligg søraust for Tanganyika, og har ikkje noko utløp.
  • Malawisjøen (30000 km², høgd 500 m), den nest største og nest djupaste av Riftdalsjøane på over 700 m, har utløp via Shireelva som renn ut i Zambezielva. Også kjend som Nyasasjøen.
  • Malombesjøen (450 km²) ligg langs Shireelva.
  • Chilwasjøen (1750 km², høgd 622 m) har ikkje noko utløp men store våtmarksomårde. Han er den sørlegaste av Riftdalsjøane.

Andre sjøar i Riftdalen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «WWF Global 200 Ecoregions – Rift Valley Lakes (182)». www.worldwildlife.org. Arkivert frå originalen December 22, 2004. Henta 16 March 2008. 
  2. Hynes, H. B. N. «Tudorancea, C. & Taylor W.D. (Eds) Ethiopian Rift Valley Lakes». www.euronet.nl. Henta 16 March 2008. 
  3. 3,0 3,1 Smith, Anthony (1988). The Great Rift: Africa's Changing Valley. London: BBC Books. ISBN 978-0-8069-6906-0. 
  4. Plisnier P.-D.; Chitamwebwa D.; Mwape L.; Tshibangu K.; Langenberg V.; Coenen E. (1999). «Limnological annual cycle inferred from physical-chemical fluctuations at three stations of Lake Tanganyika». Hydrobiologia 407: 45–58. doi:10.1023/A:1003762119873. 
  5. Bos AR; CK Kapasa; PAM van Zwieten (2006). «Update on the bathymetry of Lake Mweru (Zambia), with notes on water level fluctuations». African Journal of Aquatic Science 31 (1): 145–150. doi:10.2989/16085910609503882. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]