Den alternative Nobelprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Right Livelihood Award)
Prisen vert delt ut i den gamle Andrekammarsalen i Riksdagshuset. Her frå seremonien i 2009.

Den alternative Nobelprisen, med det offisielle men mindre brukte namnet Right Livelihood Award, er ein pris som vart skipa i 1980 av Jakob von Uexküll for å "hedra och stödja de som erbjuder praktiska och exemplariska lösningar på de viktigaste utmaningarna världen står inför". Den vert delt ut i Riksdagen i Stockholm kvart år, vanlegvis til fire mottakarar.[1]

Uexküll skipa prisen etter at Nobelstiftinga hadde avvist eit framlegg om eigne nobelprisar for miljøspørsmål og sosiale spørsmål. Stiftinga bak prisen ser derfor prisen i samanheng med nobelprisane, som ein pris som utfyller nobelprisane ved å dekkja område som nobelprisane ikkje dekkjer. Etter at stiftinga vart invitert til å dele ut prisen i Riksdagshuset frå 1985, slo namnet "Den alternative Nobelprisen" gjennom i ålmenta som det vanlegaste namnet på prisen[2].

Kjende prisvinnarar er m.a. Astrid Lindgren, Memorial, David Suzuki, Mordechai Vanunu, Wangari Maathai, Vandana Shiva, Daniel Ellsberg og Leonardo Boff. To nordmenn, Erik Dammann (saman med Framtiden i våre hender) og Johan Galtung, har vunne prisen.

Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

René Ngongo saman med Jakob von Uexküll under tildelingsseremonien i 2009
David Suzuki med diplomet under tildelingsseremonien i 2009

2013

2012

2011

2010

2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

2000

1999

1998

1997

1996

1995

1994

1993

1992

1991

1990

1989

1988

1987

1986

1985

1984

1983

1982

1981

1980

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. januar 2012, henta 28. mai 2011 
  2. "Indians win 'alternative Nobel'". BBC.
  3. Liste over prisvinnarar med skildringar, arkivert frå originalen 23. mai 2011, henta 14. januar 2014