Rigoberta Menchú
Rigoberta Menchú | |
![]() | |
Fødd | 9. januar 1959 (64 år) Laj Chimel |
---|---|
Statsborgar av | Guatemala |
Parti | Winaq |
Yrke | politikar, skribent, sjølvbiograf, menneskerettsaktivist |
Medlem | Romaklubben Nobel Women's Initiative |
Rigoberta Menchú Tum (fødd 9. januar 1959) er ein guatemalsk politikar og menneskerettsforkjempar. Ho er maya og har frå sin tidlege ungdom vore aktiv i kampen mot undertrykking av mayaene sin kultur. Denne kampen har ho seinare utvida til å omfatte undertrykte folkeslag i store delar av verda.
Sidan den folkevalde venstreorienterte Arbenz-regjeringa blei styrta av CIA-leidde kuppmakarar i 1954, er om lag 200 000 menneske drepne i landet, dei fleste av militæret og høgre-ekstreme dødsskvadronar. Mange av desse offera var mayaer. Frigjeringsrørsla URNG har i mange år kjempa mot militærstyret.
Dei siste åra har det vore relativt fredeleg i landet etter ein avtale mellom frigjeringsrørsla og styresmaktene. Men dei store sosiale problema er framleis der, og likeins diskrimineringa av mayaene.
Rigoberta Menchú fekk Nobels fredspris i 1992 for si rolle i arbeidet med å få til ein fredsavtale.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |