Rigoberta Menchú

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rigoberta Menchú

Fødd9. januar 1959 (65 år)
Laj Chimel
Statsborgar avGuatemala
Yrkepolitikar, skribent, sjølvbiograf, menneskerettsaktivist
MedlemRomaklubben
Nobel Women's Initiative
Alle verv
  • UNESCO Goodwill Ambassador Sjå dette på Wikidata

Rigoberta Menchú Tum (fødd 9. januar 1959) er ein guatemalsk politikar og menneskerettsforkjempar. Ho er maya og har frå sin tidlege ungdom vore aktiv i kampen mot undertrykking av mayaene sin kultur. Denne kampen har ho seinare utvida til å omfatte undertrykte folkeslag i store delar av verda.

Sidan den folkevalde venstreorienterte Arbenz-regjeringa blei styrta av CIA-leidde kuppmakarar i 1954, er om lag 200 000 menneske drepne i landet, dei fleste av militæret og høgre-ekstreme dødsskvadronar. Mange av desse offera var mayaer. Frigjeringsrørsla URNG har i mange år kjempa mot militærstyret.

Dei siste åra har det vore relativt fredeleg i landet etter ein avtale mellom frigjeringsrørsla og styresmaktene. Men dei store sosiale problema er framleis der, og likeins diskrimineringa av mayaene.

Rigoberta Menchú fekk Nobels fredspris i 1992 for si rolle i arbeidet med å få til ein fredsavtale.