Riitta Salin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Riitta Liisa Salin
Fødenamn Riitta Liisa Hagman
Statsborgarskap Finland
Fødd 16. oktober 1950
Helsingfors i Finland
Idrett Sprint
Yrke
Tok del i

Sommar-OL 1976

Riitta Liisa Salin (fødd Riitta Liisa Hagman16. oktober 1950) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsingfors, som vart europameister på 400 meter i 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Riitta Hagman deltok under europameisterskapen 1969 på Finlands lag på 4x400 meter stafett, eit lag som vart nummer åtte på ny finsk rekord 3.40,6. To år seinare vart det finske laget, med Hagman på andreetappen, nummer sju på den lange stafetten under EM i friidrett 1971, også då på ny landsrekord på 3.37,2.

Som Riitta Salin opplevde ho i 1974 under europameisterskapen i Roma sitt desiderte høgdepunkt på friidrettsbanen. Ho vann då 400-meterløpet på ny verdsrekord; 50,14 sekundar. På stafetten over 4x400 m sprang ho Finland inn til sølvmedalje på ny nasjonal rekord med tida 3.25,7, slått einast av Aust-Tyskland. Under sommar-OL 1976 i Montreal vart ho nummer sju på spesialdistansen 400 m, og nummer seks med Finlands lag på 4x400 stafett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]