Rikard Nordraak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rikard Nordraak

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juni 1842
Christiania
Død

20. mars 1866 (23 år)
Berlin

Yrke komponist, akademisk musiker
Far Georg Marcus Nordraach
Rikard Nordraak på Commons

Rikard Nordraak (12. juni 184220. mars 1866) var ein norsk komponist. Han er mest kjend for å ha sett melodi til Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt «Ja, vi elsker dette landet», som vart Noreg sin nasjonalsong i 1864.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Rikard Nordraak fotografert i Tyskland rundt 1860.
Minnesmerke på Nordraaks plass i Oslo er laga av Gustav Vigeland.
Foto: Helge Høifødt
Grava på Vår Frelsers gravlund.
Foto: Dagny

Nordraak vart fødd i Christiania. Han byrja på handelsskule i København då han var femten, men gav opp desse studia for å konsentrera seg om musikken. I 1859, atten år gammal, drog han til Berlin der han studerte under Theodor Kullak og Friedrich Kiel. Han måtte forlata Tyskland etter eit halvt år. Tilbake i heimbyen fekk han undervising i klaverspel og komposisjon av den tyske organisten Rudolph Magnus.

Seinare drog den unge komponisten igjen til Berlin, der han skulle bu resten av det korte livet sitt. Han vart kjend med Ida og Erika Lie, som skal ha inspirert komposisjonen av den norske nasjonalsongen.

Kunstnar og nasjonalist[endre | endre wikiteksten]

Nordraak hadde nære band til fleire av dei store kunstnarane i samtida si. Han var fetter av Bjørnstjerne Bjørnson, og tonesette fleire av verka hans. I tillegg til den framtidige norske nasjonalsongen komponerte Nordraak òg musikken til to skodespel Bjørnson hadde skrive, Sigurd Slembe og Maria Stuart. Andre kjende Bjørnson-dikt han tonesette er «Ingerid Sletten af Sillejord», «Killebukken, Lammet mit», «Olav Trygvason», «Der ligger et land mot den evige sne», og «Løft ditt hode, du raske gutt!».

Edvard Grieg vart kjend med komponisten i København. Han vart smitta av Nordraak sin entusiasme for alt som var norsk, og vart dessutan ein god ven som tileigna fleire av verka sine til han.

Tidleg død[endre | endre wikiteksten]

Nordraak var plaga av tuberkulose, og døydde av denne sjukdommen då han var berre 23 år gammal. Ein kan fortsatt sjå eit fire meter høgt monument på grava hans nord i Berlin. Leivningane til komponisten vart seinare førte til Oslo, der dei fekk ein plass i ÆreslundenVår Frelsers gravlund i 1925.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]