Rikke Granlund
Rikke Granlund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. november 1989 (33 år) Oslo |
Idrett | handball |
Rikke Marie Granlund (fødd 14. november 1989) er ein norsk handballspelar frå Oslo. Ho er målvakt, deltok for Noreg i så vel EM 2020 som VM 2021. Granlund har per 1.1.2022 spelt 12 landskampar for Noreg.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Granlund spelte på Bækkelaget fram til 2012. Sidan var ho Nordstrand-spelar fram til 2016. Då handballklubben gjekk konkurs, flytta ho til Halden HK. Våren 2017 gjekk også Halden HK konkurs. Granlund valde då å spele for Oppsal IF på nivå 2 i seriesystemet. Sommaren 2018 fekk ho kontrakt med det danske topplaget Esbjerg. Allereie i sin fyrste sesong vart ho dansk meister med laget, ein prestasjon ho og Esbjerg-mannskapet kopierte året etter. Våren 2019 nådde Esbjerg finalen i EHF-cupen, der det vart tap 42–47 mot Siófok KC frå Ungarn. Sidan hausten har Granlund kontrakt med det franske fyrstedivisjonslaget Chambray Touraine.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Granlund fekk sin landslagsdebut 25. november 2020. Ettersom Silje Solberg var smitta av COVID-19, fekk Granlund plass i den norske troppa til EM 2020 i Danmark. Ho fekk då spele kampar i innleiinga av turneringa. Under verdsmeisterskapen 2021 var ho tredje-målvakt, deltok i kampar i innleiingsrunda.
Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]
Merittar klubblag[endre | endre wikiteksten]
- Dansk meister: 2019 og 2020 med Esbjerg
- EHF-cupen: Tapande finalist med Esbjerg