Rikki Don't Lose That Number

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rikki Don't Lose That Number
Singel av Steely Dan
frå albumet Pretzel Logic
B-side

Any Major Dude Will Tell You

Utgjeve 25. april 1974
Innspelt 1973
Sjanger Softrock, yachtrock, souljazz
Lengd 3:58 (singel)
4:30 (album)
Selskap ABC
Tekstforfattar Donald Fagen
Låtskrivar(ar) Walter Becker, Donald Fagen
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi 
«My Old School»
(1973)
Rikki Don't Lose That Number «Pretzel Logic»
(1974)


«Rikki Don't Lose That Number» er ein song frå 1974 av jazzrockgruppa Steely Dan og opningssporet på det tredje albumet deira, Pretzel Logic. Det vart den største hitten deira og han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 sommaren 1974.[1]

Jim Gordon speler trommer på songen, som han gjer på det meste av Pretzel Logic. Gitarsoloen er spelt av Jeff «Skunk» Baxter, som slutta i bandet kort tid etter for å bli medlem av The Doobie Brothers.

Victor Feldman speler flapamba[2] (ein variant av marimba) i starten av songen, som opnar albumet. Dette er ikkje med på den originale singelen på ABC. MCA-versjonen av singelen har med denne flapamba-introen, men tonar ut like før den eigentlege slutten av songen. Opningsriffet er nesten ein direkte kopi av introen på Horace Silver-jazzklassikar «Song for My Father».[3]

Billboard skildra songen som «fengande, nesten tango-aktig melodi.»[4]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]


Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia 30
Canada Top Singles (RPM)[5] 3
US Billboard Hot 100[6] 4
US Adult Contemporary (Billboard)[7] 15
US Cash Box Top 100[8] 3

Liste (1979) Plassering
UK Singles Chart 58

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Rangering
Canada[9] 53
US Billboard Hot 100[10] 51
US Cashbox Top 100[11] 46

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 – Kenji Omura spelte inn ein versjon av songen på det fjerde albumet sitt, Gaijin Heaven.[12]
  • 1984 – Tom Robinson spelte inn sin versjon for albumet Hope and Glory.
  • 1992 – Hank Marvin spelte ein instrumental av songen på albumet sitt Into the Light.
  • 1994 – Far Corporation spelte ein versjon av songen for albumet deira Solitude.
  • 2007 – Chuck Loeb spelte ein instrumental versjon av songen på albumet sitt Presence.
  • Mai 2012 – indie poptrioen Hospitality spelte ein versjon av songen The A.V. Club-serien Undercover.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steely Dan på den amerikanske singellista, Billboard.com. Henta 10. januar 2021.
  2. «Pretzel Logic Album». Broberg.pp.se. Henta 12. januar 2021. 
  3. «Song for My Father | 1000 Recordings to Hear Before You Die». 1000recordings.com. Henta 12. januar 2021. 
  4. «Top Single Picks» (PDF). Billboard. 27. april 1974. s. 55. Henta 12. januar 2021. 
  5. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  6. "Dan?f=379&g=Singles Steely Dan Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Steely Dan. Prometheus Global Media.
  7. "Dan?f=341&g=Singles Steely Dan Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Steely Dan. Prometheus Global Media.
  8. «Top 100 1974-08-03». Cashbox Magazine. Henta 12. januar 2021. 
  9. Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Image : RPM Weekly». www.bac-lac.gc.ca. Henta 4. desember 2018. 
  10. «Top 100 Hits of 1974/Top 100 Songs of 1974». Musicoutfitters.com. Henta 12. januar 2021. 
  11. «Top 100 Year End Charts: 1974». Cashbox Magazine. Henta 16. juli 2015. 
  12. Kenji Omura – Gaijin HeavenDiscogs
  13. «Hospitality covers Steely Dan». Avclub.com. Arkivert frå originalen 2. november 2013. Henta 12. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]