Riksantikvaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Riksantikvaren
TypeDirektorat
Org.nummer974 760 819
Skipa1912[1]
HovudkontorDronningens gate 13, Oslo
RiksantikvarJørn Holme
VerkeområdeNoreg
Tilsette147 (2013)[2]
EigarskapKlima- og miljødepartementet
Nettstadhttp://www.riksantikvaren.no/
Riksantikvar Jørn Holme.
Foto: Jarle Vines

Riksantikvaren – direktoratet for kulturminneforvaltning er fagleg rådgjevar i utviklinga av den statlege kulturminnepolitikken, og arbeider for at viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tatt vare på. Direktoratet ligg under Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren har ansvar for at den statlege kulturminnepolitikken blir gjennomført og har eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunene og Sametingets arbeid med kulturminne, kulturmiljø og landskap.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Riksantikvaren vart skipa i 1912 som offentleg embete etter initiativ av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring for å ha oppsyn med ivaretakinga og restaureringa av kunstnerisk og historisk verdfulle gamle bygningar som ikkje var underlagt eit museum. Då Harry Fett var riksantikvar, vart etaten bygd ut til eit vidfemnande institutt for vern og forsking. Riksantikvaren vart underlagt Miljøverndepartementet frå 1973, og fekk direktoratstatus i 1988.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Riksantikvaren sitt bibliotek

Direktoratet har om lag 160 tilsette, med kontor i Dronningens gate 13 i Oslo. Det er òg distriktskontor i Bergen, Tønsberg og Trondheim.

Riksantikvaren har fire avdelingar:

  • Organisasjonsavdeling
  • Kulturminneavdeling
  • Avdeling for kunnskapsutvikling
  • Samfunnsavdeling

Riksantikvaren har òg eit spesialbibliotek for kulturminnevern.

Riksantikvarens arkiv har mellom anna mange teikningar og fotografi som baserere seg på Fortidsminneforeingas samling av dokumentasjon frå kulturminnnevernets pionertid.

Oppgåver og arbeidsområde[endre | endre wikiteksten]

Riksantikvaren har det overordna faglege ansvaret for kulutrminneforvaltninga og fungerer som rådgjevar for Klima-og miljødepartementet.

Bevaringsprogrammer[endre | endre wikiteksten]

Riksantikvaren har ti bevaringsprogam for å sikre, setje i stand og kartleggje tilstanden til kulturminne. Dei ti programma er:

Liste over riksantikvarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]