Rigsbanktegn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Riksbanktegn)

Riksbanktegn var koparmynt som vart utmynta på Kongsberg 1813–1815 i verdiane 6 og 12 riksbankskilling. Alle norske riksbanktegn er prega med årstalet 1813. Myntane vart inndregne mot slutten av 1815, men dei var likevel gyldige betalingsmiddel i Danmark i tida som følgde.

I København og Altona i Danmark vart det utmynta riksbanktegn pålydande 2, 3, 4, 6, 12 og 16 riksbankskilling. Der var 12 sk riksbanktegn gyldig betalingsmiddel til 1818, 16-skillingen til 1839 og dei minste valørane heilt til 1843.

Myntane har påskrifta «RIGSBANKTEGN FOR 6 [eller 12] SKILLING» på reversen og monogrammet til kong Fredrik VIadversen. Sidan myntane har eit forenkla preg og dei er utmynta i kopar, er dei oppfatta som ein slags erstatningsmynt, men dei sirkulerte som vanlege myntar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]