Riksmålsordlisten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Riksmålsordlisten er ei normativ ordliste for norsk riksmål, som vert gjeven ut av Kunnskapsforlaget i samarbeid med Riksmålsforbundet. Ho er godkjend av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og følgjer normeringa deira av riksmålet.

Den fyrste utgåva vart gjeven ut i 1952 av Dreyers Forlag og Riksmålsforbundet. Ordlista opplyser om stavemåte og bøying på riksmål for om lag 40 000 oppslagsord. Frå 6. utgåve er Tor Guttu redaktør. Grøndahl og Dreyers Forlag gav ut 6. utgåve i 1994, men frå 7. utgåve (2007) er Kunnskapsforlaget utgjevar.

Seinaste utgåva av ordlista er den åttande utgåva, som kom ut i 2015. Med henne vart det òg gjort nokre endringar i riksmålsnormeringa som inneber at skilnadene mellom riksmål og det såkalla moderate bokmålet har vorte færre. Til dømes fekk nokre lånord fornorska stavemåtar, nokre ord med sum h- fekk valfri form utan h-, og fleire gamle riksmålsfaneord gjekk ut or rettskrivinga (sprog, efter og nu).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Riksmålsordliste til daglig bruk, Riksmålsforbundet, Dreyer, 1952, 1. utgåve, 109 s.
  • Riksmålsordliste til daglig bruk, Riksmålsforbundet, Dreyer, 1956, 2. rev. utgåve, 111 s.
  • Riksmålsordliste til daglig bruk, Riksmålsforbundet, Dreyer, 1958, 3. rev. utgåve, 111 s.
  • Riksmålsordlisten, Riksmålsforbundet, 1973, 5. utgåve, 215 s.
  • Riksmålsordlisten, Riksmålsforbundet, 1976, 5. utgåve, 2. rev. oppl., 223 s
  • Riksmålsordlisten, redaktør Tor Guttu, Grøndahl og Dreyer, 1994, 6. utgåve, 233 s., ISBN 9788250421790
  • Riksmålsordlisten, redaktør Tor Guttu, Kunnskapsforlaget, 2007, 7. utgåve, 270 s., ISBN 9788257319199
  • Riksmålsordlisten, redaktør Tor Guttu, Kunnskapsforlaget, 2015, 8. utgåve, ISBN 9788257322151