Riksspelman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Riksspelman er ein person som har motteke Anders Zorns silvermärke (Zornmärket i silver) ved ei framføring tilrettelagt av Svenska Folkdansringen. For å verta riksspelman må ein vera ein teknisk dugande musikar, og ha kunnskap om spelestil i eit visst musikalsk tradisjonsområde i Sverige. Dette må visast ved at låtar frå ein viss del av Sverige vert spela for ein jury, og om det vert delt ut eit sølvmerke, vert vedkomande person riksspelman på nettopp denne typen låtar.

Dei fleste riksspelmän spelar fiolin (fele), men det er også utnemnt riksspelmän på durspel (eit lite dragspel, «toradar»), nyckelharpa, klarinett, kuhorn, kauking, munnspel og svensk sekkepipe. Musikkinstrumentet hummel (långspel, långharpa) er også eit gyldig instrument for oppspel, men hittil har ingen sølvmerke vorte utdelte.

Om lag 740 spelemenn har sidan 1933 motteke sølvmerket og tittelen riksspelman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]