Riksväg 61

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
61
Riksväg 61 utanfor Charlottenberg

Riksväg 61 i Sverige går gjennom Värmland på strekninga Karlstad (europaveg 18) - Arvika - Charlottenberg - riksgrensa (Morokulien) til Noreg der den går over riksveg stamveg 2 i Noreg. Vegen er 109 km lang.

Vegen blir nytta til reiser til og frå stader langs vegen, men vegen er òg nytta til reiser frå Karlstad/Mälardalen til Noreg, til dømes Gardermoen flyplass og området nord om Oslo, eller omvendt.

Standard og planar[endre | endre wikiteksten]

Standarden på vegen varierer. Mellom Karlstad og Fagerås (ved E45) har den høg standard med eit tal planskilde trafikkplassar og ein bit skilta som motortrafikled. Ein har til og med bygd midtdelar (2+1-väg) langs 11 km mellom Karlstad og Kil, som var klart i slutten av 2007. I nord er standarden dårlegare. Vegen går gjennom tettstaden Arvika.

Når det gjeld planlagde utbetringar, så pågår ei ombygging aust om Åmotfors på rudt 7 km lengd. Det blir ei utviding till 9 m og utretting av ei kurve. Planer finnast for motorväg Bergvik-Ilanda, altså mellom E18 og riksväg 62, men først etter 2015.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1950-talet vart vegen kalla länsväg 232. I 1962 fekk vegen namnet riksväg 61.

På 1980-talet vart strekket Karlstad-Kil bygd med ein bit som motortrafikled og resten nesten det.[1] Strekninga Kil-Fagerås vart bygd på slutten av 1990-talet.[2] Vegen i trakten av Högboda vart bygd på 1950-talet.[3] Forbi Brunskog og nord for Edane er vegen ombygd før 1940-talet, men i 2006 vart den bygd om til ein høgre standard.[4][5] Eit strekke aust om Arvika er bygd i starten av 1970-talet.[6] Vegen nordom Nysockensjön er frå starten av 1900-talet. Omkøyringa rundt Åmotfors vart bygd i perioden 2006-2007. Nord for Åmotfors har ein bit veg som vart bygd på 1950-talet. Resten er i same strekning som minst på 1940-talet[5].


Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Värmlands län[endre | endre wikiteksten]

Eda kommune
Arvika kommune
Kil kommune
Karlstad kommune
  • 62 Ilanda, felles trasé til Bergvik
  • motortrafikkveg start Henstad
  • E18 Karlstad-Bergvik

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. M-kartan 1985.
  2. M vägatlas 1995.
  3. KAK bilatlas 1958
  4. Generalstabskartan på lantmateriet.se Historiska kortor
  5. 5,0 5,1 KAK bilatlas 1946
  6. M-kartan 1977