Riksveg 150

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksveg 150
Riksveg 150
Strekning
LysakerRyen
Riksveg 150
Informasjon
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Riksveg 150 Riksveg 150 Riksveg 150
Restriksjonar
Bomstasjonar 1
Miljøfartsgrense
60 km/t
RyenGranfosstunnelen
(1. november
– 19. april)

Riksveg 150 (Rv150), på trafikkskilta kalla Ring 3, går mellom vegkrysset Ulvekrysset med vegen Ulvensplitten på Ulven i Bydel Bjerke i Oslo og Lysaker i Bærum på grensa til Oslo. Ring 3 dannar eit samband mellom Europaveg 18 og Europaveg 6 utanom bykjerna, og er ein sterkt trafikkert stamveg med to gjennomgåande felt i kvar retning. Tidlegare vart Ring 3/riksveg 150 rekna heilt frå Ryenkrysset på Ryen i Oslo, der Europaveg 6 gjekk over i Ring 3, men strekninga mellom Ryen og vegsystemet Ulvensplitten er no vorte ei strekning av Europaveg 6 i staden. Denne strekninga av tidlegare ring 3 er ein naturleg del av Eurpaveg 6, til liks med sjølve Ulvensplitten, ved at Europaveg 6 sør og nord for Oslo vert knytt saman over denne strekninga.

Skiltinga av Ring 3

Rikveg 150 er berre skilta som Ring 3, ikkje med riksveg-skilt med riksvegnummeret. Ofte vert vegen berre kalla Store ringvei i daglegtale, som var namnet på vegen før ringvegane i Oslo vart nummererte. No er Ring 1 den ringvegen som går som gjennomfartsåre i sjølve bykjerna, med Ring 2 som den neste og Ring 3 lengst utanfor. Alle desse tre ringvegane dannar eigenleg bogar kring bykjerna, ikkje i ringar.

Sjølv om ring 3 er ein samanhengande veg, er han likevel samansett av strekningar som har fått sine eigne namn. Heile traséen frå Ryenkrysset, inklusive den parten som no er Europaveg 6: Adolf Hedins vei - Hjalmar Brantings vei - Lørentunnelen - Storoveien - Rolf Wickstrøms vei - Tåsentunnelen - Kaj Munks vei - Torgny Segerstedts vei - Viggo Hansteens vei - Ullernchausséen - Granfosstunnelen.

Stekninga frå Lysaker og Fornebu til Ryen[endre | endre wikiteksten]

Akershus [endre | endre wikiteksten]

Bærum
Den søndre av dei to Granfosstunnelane (nordleg opning, på Lilleaker), sett frå nord i mars 2009

Granfosstunnelene

Oslo [endre | endre wikiteksten]

Rolf Wickstrøms vei som Ring 3 utgjer grensa mellom Grefsen (venstre) og Nydalen (høgre)
Hjalmar Brantings vei ved Teisen i Oslo, retning Ryenkrysset etter å ha passert Ulvensplitten.
Adolf Hedins vei ved Manglerud i Oslo, før Ryenkrysset og etter Ulven-krysset.

Ullernchausseen[1]

Viggo Hansteens vei

Torgny Segerstedts vei

Kaj Munks vei

  • Sognsveien

Rolf Wickstrøms vei

Storoveien

Lørentunnelen

Hjalmar Brantings vei


Rv150 sluttar nær Valle Hovin, Ring 3 langs E6 vidare til Ryen


Adolf Hedins vei

  • Riksveg 150 Teisenkrysset (berre austgåande)
  • Tvetenveien
  • Østensjøveien (berre vestgåande)
  • tunnel Brynstunnelen (240 m)
  • Riksveg 150 Ryen (Ring 3 er skiltet til Ryen og deler trasé med E6 frå Ulven)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.