Fylkesveg 8850
| Strekning | |||
|---|---|---|---|
| Hesseng–Nyrud | |||
| Informasjon | |||
| Lengd | 97 km | ||
| Fylke | Finnmark | ||
Fylkesveg 8850 i Finnmark går mellom Hesseng og Nyrud i Sør-Varanger kommune.
Vegen tar av frå E6 ved Hesseng og går forbi Sandnes og Bjørnevatn sørover i Pasvikdalen til Nyrud. Vegen er 97,6 km lang. Vegen er asfaltert, bortsett frå dei sørlegaste 5 km som er grusveg.[1]
Sidan 1930-talet har det eksistert planar på å forlenge vegen frå Nyrud og sørover, forbi treriksrøysa på Krokfjell og vidare til Nellim i Finland. Den såkalla Mellomriksvegen er framleis under administrativ og politisk behandling, og det blei lagt fram ei konsekvensutreiing med kostnadsoverslag i 2006.[2][3] I 2020 avgjorde regjeringa at prosjektet skulle leggjast på is, og at fylket måtte betala for ein slik veg.[4]
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trøddde i kraft fekk han status som fylkesveg. Fram til 2019 hadde vegen nemniinga fylkesveg 885, og var ein primær skilta fylkesveg.[5] Samtidig som vegen fekk nytt nummer blei fylkesveg 357 og fylkesveg 362 i Finnmark del av vegen.[6] Hovudstrekninga (den opphavlege Fv885) er framleis primær fylkesveg.[7] Vegen blir ikkje lenger skilta med nummer.[8]
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]
Hesseng- Fv357 frå Sandnes til Langfjorden (1,2 km)
- Arm frå Vierdalen til Bjørnevatn (1,4 km)
- Arm frå Skillebekk til Svanvik (1,1 km)
- Fv361 frå Bekkevoll via Skrotnes til Stenbakk (10,5 km)
- Fv361 Stenbakk
- Fv362 frå Nyrud til Nyrud gård (0,8 km)
Øvre Pasvik nasjonalpark
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.vegvesen.no/vegkart
- ↑ http://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2006/104.pdf Konsekvensutredning deltema naturmiljø
- ↑ http://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2006/105.pdf Konsekvensutredning deltema reindrift
- ↑ Vei til Finland lagt på is
- ↑ «Nye vegnummer i Nord-Norge». Arkivert frå originalen 20. juli 2019. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Arkivert frå originalen 20. juni 2019. Henta 4. august 2022.
- ↑ «Vegliste Finnmark mars 2024». Vegvesenet. 1. mars 2024. Henta 14. mars 2024.
- ↑ https://www.google.se/maps/@69.6869206,29.9861858,3a,60y,230.61h,90.87t/data=!3m6!1e1!3m4!1s3FJCvFozPXOtokBuLvmjWg!2e0!7i16384!8i8192