Rimbareid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rimbareid
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 62

Rimbareid er ein gard sentralt i Fitjar kommune. Han grensar til Stordfjella i aust, til gardane Vik og Nesbø i sør, Vestbøstad i vest og til Prestbø og Fitjar i nord.

Rimbareid barne- og ungdomsskule ligg i dag på området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er særs gammal, og det er gjort mange fornfunn som fortel om gammal busetnad og stor velstand. Det ligg ei stor gravrøys på Rimsvarden. Denne er 28 meter i tverrmål og kring 4 meter høg. Røysa vart grave fram kring 1785 av ein gjestgjevar i Folderøyhamn, truleg Jan Nielsen Meyer. Han fann ei steinsett grav med ei helle over. Hella vart lagt på grava til Paul Rimbareid, men er no truleg borte. I grava vart det mellom anna funne eit bronsesverd, som no ligg på Bergen Museum. I 1891 fekk professor Gustavson høyre om sverdet at det i lange tider hadde gått på utlån i bygda og vart nytta mot sjukdommar og til hjelp ved barnefødslar. Tanken var truleg at eit våpen som hadde teke liv, òg kunne gje liv.

Ei anna røys på garden er 20 meter i tverrmål, medan ei røys på 18 meter i tverrmål er 1 meter høg, der ein fann to graver med kól og brende bein. På eit anna bruk fann ein tre gravrøyser, der den eine var uvanleg høg. Ho er 12 meter i diameter og vart graven ut. I ei røys nedanfor Rimsvarden fann ein to spyd som låg i kross. Elles har ein i gravrøysene funne leirkrukker, glasperler, beinterningar, spelbrikker, beinkam, bjørneklør, sverd, spyd, fisketeinar og ymse tresaker som ei eikefjøl. På garden har ein òg funne to skaftholshakker, og flint- og kvartsittsaker frå steinalderen.

Garden var i privateige så langt attende ein kjenner til, utanom små område som Fitjarkyrkja eigde. Truleg har kyrkja fått denne parten som bot- eller sælegåve. Parten er ikkje nemnt i Bjørgynjar Kalfskinn, og må såleis ha komen til etter 1350-åra. Dei første brukarane som er nemnt var i skattemanntalet i 1519, då det var to brukarar her, Magnus og Kedel Ibidem.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet er tolka slik at første delen av namnet kjem frå «rimb» eller «rymb», som tyder ein lang, låg jord- eller grusrygg. Andre delen av namnet tyder eid, og syner til «eidet» mellom Storavatnet i sør og Fitjarvika i nord. Namnet er blitt skrive på mange forskjellige måtar opp gjennom åra, som berre Eide i 1519, til Romereidt i 1590, Remberg i 1605, Rombereød i 1612 og Remmereid i 1646. Slektsnamnet frå garden vert som regel skriven Rimmereid eller Rimmereide.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]