Rimma Kurutsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rimma Dmitrievna Kurutsj, russisk Ри́мма Дми́триевна Ку́руч (fødd 6. mai 1938) i Balovo, Nizjegorod oblast er ein forskar og politikar frå Murmansk med moldavisk bakgrunn. Utanfor Russland er ho mest kjend som språkforskar med sine arbeidd om andrespråkslæring og leksikografi for kildinsamisk.

Utdanning og framgang som språkforskar[endre | endre wikiteksten]

R.D. Kurutsj har diplomeksamen (1961) (russisk diploma) frå det filologiske fakultetet ved det Statlege Universitetet (daverande pedagogisk høgskule) i Beltsy i Moldova (daverande Moldovisk SSR). Fram til 1964 arbeidde ho som lærer for russisk i bygdeskuler i Moldova. Doktorgraden (russisk kandidat pedagogitsjeskih nauk) i pedagogikk fikk ho 1967 frå Instituttet for den Nasjonale Skulen ved den Pedagogiske Vitenskapsakademien i Sovjetunion. Fra 1968 til 1975 arbeidde ho ved det Statlege Universitetet i Tsjernovtsy i Ukraina/daverande Ukrainske SSR.

1975 flytte Kurutsj til Murmansk og leidde avdelinga for russisk ved det Statlege Humanistiske Universitetet (daverande pedagogisk høgskule) til 1977.[1]

Samisk forsking[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg spesialisert i andrespråkslæring av russisk begynte Kurutsj å interessere seg for revitaliseringa av kildinsamisk,[2] det største bland dei samiske urfolksspråkaKolahalvøya. 1976 blei Kurutsj leiar av ei ny arbeidsgruppe for samisk språkforsking, etablert som ei avdeling innom utdanningsseksjonen ved kommunistpartiets Sentralkomitéen i Murmanskområdet. Hennar første medarbeidarar var dei to samiske lærarar Aleksandra Antonova og Boris Gluhov.

I tida fram til 1990-talet var Kurutsj ein produktiv forskar både innom språkdidaktikk, ortografi, leksikografi og grammatikkografi og har stor forteneste for kildinsamisk språkplanlegging og etableringa av undervising av dette truge språket i den seine Sovjetunionen. Under hennar leiing og med støtte frå Det russiske vitskapsakademi utvikla arbeidsgruppa, som seinare hadde fleire andre samiske medarbeidarar, en ny kildinsamisk ortografi og læremiddel. I tillegg til omfattande kursmateriale for språkundervisning til samiske born og didaktisk handleiing laga arbeidsgruppa også den store kildinsamisk-russiske ordboka («Den raude ordboka») frå 1985. Ordboka omfattar ein normativ oversiktsgrammatikk av kildinsamisk som vart skrive av Kurutsj. Dertil har ho også publisert andre lingvistiske arbeid, m.a. om kildinsamisk fonologi og morfologi.

Aktivist og politikar[endre | endre wikiteksten]

Med aktive innsatsen sin for revitaliseringsarbeid var Kurutsj bland dei første språkaktivistane innanfor det kolasamiske samfunnet, trass at ho ikkje er same sjølv. Men ho fekk også sterk kritikk av samar som vart usamd om den ortografiske norma som blei utvikla av gruppa hennar i Murmansk.[3]

Kurutsj har tilmed ein kort framsyning som samepolitikar, da ho (i lag med N.E. Afanasjeva) blei valt til med-visepresident i Kolasamanes Assosiasjon når den vart stifta i 1989. Men berre eit år seinare forlèt ho organisasjonen igjen, fordi einast etniske samar kunde vere fulle medlemmar.[4]

Dei siste åra har Kurutsj ikkje drive med samisk språkarbeid eller politikk, men vore aktiv i storsamfunnets organisasjonar. Ho er medlem i det russiske Pensjonistpartiet (russisk Rossijskaja partija pensionerov), der ho til og med blei leiar for den lokale avdelinga i Murmansk. Seinare leidde ho den offentlege organisasjonen "Pensjonistar i Murmansk" (russisk Общественной организации "Пенсионеры Мурмана") og arbeider nå som leiar for Murmanskavdelinga av den offentlege organisasjonen "Den store fedrelandskrigens barn" (russisk Дети Великой Отечественной войны).

Viktige vitskaplege arbeid[endre | endre wikiteksten]

Om russisk
  • 1974 Metodika prepodavanija russkogo jazyka v moldavskoj shkole. Tsjernovtsy
Om kildinsamisk
  • 1977 "Saamen kieli Neuvostoliitossa", i: Lapin Kansa 28-08-1977
  • 1981 "O kategorii tsjisla sushtsjestvitel'nych v kil'dinskom dialekte saamskogo jazyka", i: Sovetskoje finno-ugrovedenie 17:4. 266–272.
  • 1983 "Accoustic measurements of some quantity patterns in Kildin Lapp", i: Sovetskoe finno-ugrovedenie 19:1. 16–23 [i lag med Arvo Eek]
  • 1985 "Kratkij grammatitsjeskij otsjerk saamskogo jazyka", i: Saamsko-russkij slovarʼ. Moskva. 529-567.
  • 1985 Saamsko-russkij slovarʼ. Moskva [i lag med N.E. Afanasjeva, A.A. Antonova, B.A. Gluhov, L.D. Jakovlev og E.I. Metsjkina]
  • 1988 Saamʼ kīll: razrabotki po saamskomu jazyku dlja natsjalʼnoj shkoly. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva og R.I. Jakovleva]
  • 1990 Didaktitsjeskij razdatotsjnyj material dlja utsjashtsjihsja I klassa. Murmansk
  • 1990 Didaktitsjeskij razdatotsjnyj material k urokam saamskogo jazyka v I klasse. Murmansk
  • 1990 Metoditsjeskoje rukovodstvo po obutsjeniju saamskomu jazyku: primernyje pourotsjnyje razrabotki k utsjebniku saamskogo jazyka dlja I-go klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
  • 1990 Metoditsjeskoje rukovodstvo po obutsjeniju saamskomu jazyku: primernyje pourotsjnyje razrabotki k utsjebniku saamskogo jazyka dlja 2-ogo klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
  • 1990 Metoditsjeskoje rukovodstvo po obutsjeniju saamskomu jazyku v natsjal’noj shkole. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva og R.I. Jakovleva]
  • 1990 Programma po saamskomu jazyku dlja 1–2 klassov saamskoj natsional’noj shkoly. Murmansk
  • 1990 Saamskij jazyk v kartinah: utsjebnik po razvitiju retsji v 1-om klasse saamskoj shkoly. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, A.G. Hvorostuhina, R.I. Jakovleva, S.S. Lelikova og E.I. Metsjkina]
  • 1990 Sam’ kill: utsjebnik saamskogo jazyka dlja 2-go klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, A.G. Hvorostuhina, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
  • 1991 Didaktitsjeskij material k utsjebniku saamskogo jazyka dlja vtorogo klassa saamskoj shkoly. Murmansk
  • 1991 Metoditsjeskije rekomendatsii k zanjatijam po saamskomu jazyku v 3-em klasse c programmoy i tematitsjeskim planirovanijem. Murmansk
  • 1991 Pudz’jench: kniga dlja dopolnitel’nogo tsjtenija v saamskoj natsional’noj shkole. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva, E.I. Metsjkina og I.V. Vinogradova]
  • 1991 Saamʼ alfavit: razreznaja azbuka: didaktitsjeskij razdatotsjnyj material k utsjebniku saamskogo jazyka dlja 2-go klassa. Murmansk
  • 1991 Sam’ kill: utsjebnik saamskogo jazyka dlja 3-ogo klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
  • 1991 Soagknehk’: saamsko-russkij i russko-saamskij slovar’ dlja natsjal’noj shkoly. Murmansk [i lag med R.I. Jakovleva og I.V. Vinogradova]
  • 1995 Pravila orfografii i punktuacii saamskogo jazyka. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva og I.V. Vinogradova]
  • 2009 Severnoe sijanie: saamskij jazyk v kartinkah. 2-e utg. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. sml. MGGU Murmansk si webbsida (2013-01-20)
  2. sml. intervju i: Эксперт Северо-Запад 21(130)/09-06-2003 (2013-01-20)
  3. sml. Øverland og Berg 2012:65–68
  4. sml. Øverland og Berg 2012:94–95