Ringenes herre: To tårn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ringenes Herre: To tårn)
Hopp til navigering Hopp til søk
The Lord of the Rings: The Two Towers
Norsk tittel: Ringenes Herre: To tårn
Fil:Tloftr-ttt2-logo.svg, Le Seigneur des anneaux les Deux Tours.svg
OpphavslandNew Zealand
SpråkEngelsk, sindarin-alvisk
SjangerFantasy
RegissørPeter Jackson
ProdusentBarrie M. Osborne
Peter Jackson
Fran Walsh
ManusFran Walsh
Philippa Boyens
Peter Jackson
Stephen Sinclair
MedverkandeElijah Wood
Ian McKellen
Viggo Mortensen
Liv Tyler
Miranda Otto
John Rhys-Davies
Sean Astin
Christopher Lee
Andy Serkis
Bernard Hill
MusikkHoward Shore
SjeffotografAndrew Lesnie
FilmselskapWingNut Films
The Saul Zaentz Company
Utgjevingsår2002
Lengd179 min.
Budsjett94 millionar $
ForgjengarRingenes herre: Ringens brorskap
OppfølgjarRingenes herre: Atter en konge

Ringenes herre: To tårn (originaltittel: The Lord of the Rings: The Two Towers) er ein fantasy-spelefilm frå 2002 med regi av Peter Jackson. Filmen er basert på den andre boka i boktrilogien Ringdrotten av professor J.R.R. Tolkien. Filmen kom ut den 5. desember 2002 i USA. Han vart nominert til seks Oscar-prisar og vann i to kategoriar: beste lydredigering og beste visuelle effektar. [1] I 2003 kom den utvida versjonen av filmen ut på VHS og DVD. Heile filmen er spelt inn på New Zealand. [2]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Historia følgjer Frodo Lommelun (Elijah Wood) og Samvis Gamgod (Sean Astin) som ber ringen stadig nærare landet Mordor for å øydeleggja han i Dommedagsberget. Dei vert forfylgde av den schizofrene skapningen Gollum, som også vert kalla Smýgol, men greier å overtala han til å visa dei raskaste og tryggaste vegen til Mordor utan at dei skal bli oppdaga.

Samtidig forfylgjer Aragorn (Viggo Mortensen), Legolas (Orlando Bloom) og Gimli (John Rhys-Davies) ei avdeling med orkar som har teke til fange hobbitane Pippin (Billy Boyd) og Munti (Dominic Monaghan). Desse orkane er avla fram av trollmannen Sarumann (Christopher Lee), som har svike Gandalv (Ian McKellen) og no kjempar saman med Sauron (Sala Baker) mot brorlaget og Saurons fiendar. Dei to tårna i tittelen refererer til trollmannstårnet hans Sarumann, Orthanc i Jarnagard, og festninga til den mørke herren Sauron (Sala Baker), Barad-dûr i Mordor. I landet Rohan kjempar folket mot orkane frå Jarnagard, men kongen i Rohan, Théoden (Bernard Hill), er gamal og sjuk og lèt tenaren sin, Grima Ormtunge (Brad Dourif) ta mange avgjerder for seg.

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skodespelar
Frodo Lommelun Elijah Wood
Samvis Gamgod Sean Astin
Gollum / Smýgol Andy Serkis
Peregrin Tók Billy Boyd
Muntiadok Brennibukk Dominic Monaghan
Aragorn Viggo Mortensen
Arwen Liv Tyler
Elrond Hugo Weaving
Legolas Orlando Bloom
Gimli John Rhys-Davies
Treskjegg (stemme) John Rhys-Davies
Gandalv Ian McKellen
Sarumann Christopher Lee
Théoden Bernard Hill
Éowyn Miranda Otto
Éomer Karl Urban
Gríma Ormtunge Brad Dourif
Boromir Sean Bean
Faramir David Wenham

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Filmen er brukt som kjelde for skildringa av handlinga.